Drapet på Øvre Sinnes i Vrådal i 1825

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Sinnes på flyfoto frå 1959. Stoga der drapet skjedde vart riven i 1845. [1]
Foto: "Widerøe Flyveselskaps flyfoto fra Kviteseid kommune : Øvre Sinnes." Nasjonalbiblioteket

Drapet på Øvre Sinnes i Vrådal i 1825. Den 6. april 1825 drap Haavor Olsen Underberg (1786-1825) kona si, Kari Jørgensdotter Sinnes (1763-1825) i senga på garden Øvre Sinnes i Vrådal i Kviteseid kommune. Etter udåden forsøkte Haavor å drepe seg sjølv ved å skjere over si eiga strupe, men kuttet vart ikkje djupt nok, og Haavor fekk i staden ei pinefull død i arresten på lensmannsgarden Haukom i Kviteseid.

Ole Blom sin versjon av det tragiske drapet

Den tragiske hendinga på Øvre Sinnes blir omtala i Ole Blom sine dagbøker. Blom gjev ei brei innføring i hendingsforløpet, og fører i tillegg dagboksnotatar om drapet.

Utdrag frå fyrste del av mordhistoria på Øvre Sinnes i Ole Blom si dagbok frå 1825.
Foto: Vest-Telemark Museum.

Foranledningen for drapet

"Den 6. april [1825] [...] Denne Dag fik vi spurgt at følgende, ligesaa Grusomme som sørgelige Morddaad, var begaaet paa Gaarden Øvre Sinnæss i Wraadal, denne Dags Morgen. For omtrent 6 Aar siden blev Enken Karie Jørgensdatter Sinnæss, gift med Ungkarl Haavor Olsen Undeberg, begge af Wraadal; hun i en Alder af henved 60 Aar og han omtrent 36. De levede derefter i et misligt og skrøbeligt Egteskab indtil den 2den April sidstleden, da de bleve enige om at leve adskildte indtil Videre. Han reiste derpaa fra Sinnæss for at tage Hjem til sin Fader Ole Olsen Undeberg. Men da Isen var saa svag at han ei kunde gaae over Wraavandet, kom han tilbage og bad om Huslye om Natten. Men da dette blev ham nægtet, reiste han til Holte, hvor han laae til næste Dags Morgen, som var Paaskedag den 3de April, da han reiste Hjem til sin Fader, hvor han blev til 2den Paaskedag den 4de April da reiste han, som det hedte, efter sin Faders Formaning, udigjen til Sinnæss for at forsone sig med sin Hustrue og leve sammen med hende. Han blev nok maadelig blidt modtagen, dog fik han Huslye, men ikke Sæng med hende der blev han over den 5te.

Drapet

Om Morgenen den 6te April stod han op, og kom ind til hende medens hun laae i Sængen, og efterat en Pige, var gaaet ud, og han var Allene inde med Hende, greb han til den djævelske Beslutning at dræbe hende, hvilket han i et Øieblik udførte ved at skjære Struben over paa hende med en Tollekniv. Derefter vilde han dræbe sig selv paa samme Maade, og skar sig i Struben, men ikke saa dybt at han døde, men slæbede sig halvdød, først omkring Huset udenfor, og derefter op paa et Loft over Stuen hvori Mordet var begaaet, og der fandt man ham, uden Mæle men med temmelige Kræfter, da Lensmand Bjørnsen med 12 a 16 Mand, kom til Gaarden, efterat Iilbud om det Passerede var kommen til Kragenæss, hvor Lensmanden med Fl. vare i et Bryllup, da Corperal Knudsen blev gift med Maren Zetlitz.

Tilståinga

Den 8de holdt Doctor Rosen en Obductions Forretning over den Myrdede, og forbandt Morderen, som nu kunde tale, og bekjendte sin Forbrydelse. Han blev den 9de ført til Spjosod og den 10de til Houkum, hvor han blev belagt med Jern og sat under bestandig Vagt."[2]

Haavor Olsen Undeberg vart visstnok gravlagd utanfor det nordvestre hjørne av kyrkjegarden til Kviteseid gamle kyrkje.
Foto: Illustrasjonen er henta frå boka "Gamle norske kirker" av Moe, Wladimir, utgitt av Dybwad (Kristiania, 1922)

Ole Blom fortel at Ole Bjørnsen reiste til Vrådal den 8. april for å registrere og "seqvesterede" buet etter "Morderen paa Sinnæss". Doktor Roosen reiste same dagen til Sinnes for å forbinde såret på halsen til Haavor. Bjørnsen hadde ordre om å hente forbrytaren til Haukom, der det fanst arrest. Om ettermiddagen 9. april kunne Ole Blom sjå forbrytaren bli ført av "4 Mand i Vagt" til Spjotsodd, der dei blei verande over natta. Den 10. april kom også Ole Bjørnsen attende frå Sinnes, og Haavor vart no ført til Haukom. Ole Blom skriv at han "gik selv af og i Prammen med lidt Hjelp, men blev kjørt paa Landveien."[3]

Den 27de April, blev et Forhør optaget over ham, og under dette bekjendte han den hele Tildragelse og angav Aarsagen til sin Udaad at være den: at han ved Contracten om Skilsmissen havde faaet for lidt af Boet; og da hun paa ingen Maade var At bevæge til at leve sammen med ham længere, saa besluttede han, at dræbe hende, og udførte, som ovenmeldt, sin Beslutning. Der blev adskillige Vidner afhørte, hvilke alle stemmede deri overeens, at hans moralske Vandel havde været meget maadelig, og at han var en Skræk for enhver som nødtes til at omgaaes ham. Han skal ogsaa for Presten have bekjendt mange svære Synder.

Efter nogle Dages Sygdom (formentlig Betændelse i Lungerne, af Blod som did var kommen gjennem Saaret i Luftrøret, skjønt dette var lægt) døde han hen uden synderlig Smerte, eller Symptomer derpaa, Natten mellem den 15de og 16de Mai 1825, i Fængslet paa Houkum og blev begraven udenfor Hvidesøe Kirkegaard, dens nordvestre Hjørne. Sagen mod ham bortfaldt og de foraarsagede Omkostninger skulle udredes af hans Boe."[4] "Et lykkeligt Dødsfald for Comunen!", legg Blom til.[5]

Meir om den tragiske hendinga

I fylgje Tor O. Sanden var Håvor Olavsson Underberg ein egoist, tyrann og ei plage for dei han var saman med. "Det plar no falle nokre rosande og skynsame ord når ein er avlivde, oftast langt over det verkelege, men her er berre svart å høyre."[6]

Giftarmål og samliv

Kari Jørgensdotter vart enke i 1810 etter husbonden Halvor Jørgensen. Ho arva alt etter han, og vart slik ei rik enke. Heilt sidan Haavor var 17 år gamal, i 1803, hadde han vore tenestegut på Øvre Sinnes. Kari hadde difor kjendt han lenge då dei gifta seg i 1820. I utgangspunktet var det vanleg å gifte seg etter at ein var blitt enke, men det var uvanleg at det skulle ta heile ti år før det skjedde. Det var også uvanleg at aldersforskjellen var så stor som i dette tilfellet. Då Kari og Haavor vart via i Vrådal kyrkje den 6. juli 1820 var Kari 56 år medan Haavor var 34.[7]

"Vilkåra for eit godt samliv var her syrgjeleg små" skriv Sanden om giftarmålet.[8] Han viser ikkje berre til aldersskilnaden, som jamvel gjekk den galne vegen, men også til standsskilnaden som mest var uoverstigeleg i dei dagar. Borna til Kari var på veg vekk frå garden. Dei yngste skulle giftast bort same året som giftarmålet med Haavor skjedde, og når desse forsvann sat Kari attende med mora til Halvor Jørgensen som var 90 år gamal. Øvre Sinnes var ein tungdreven gard som krevde mykje arbeid. Sanden kallar Kari sitt giftarmål med Haavor for ei "naudløysing", og legg til at "krokut stav er betre enn ingen".[9]

I fylgje Sanden var Haavor ein lite koseleg kar. Han stal visstnok sylv frå Kari og gøymde det i skogane i Øvre Vrådal. Eit par gonger skal ho ha oppdaga tjuveriet med det same, og sendte då 2-3 mann etter han. Haavor kom seg likevel unna, og dei meinte han gøymde sylvet i Skrubbedalane eller under Veslefjell. Ei gamal segn gjeng ut på at skatten vart gøymd under Veslefjell der sola fyrst skein på morgon ein viss dato, men den er aldri funnen att. Haavor skal også ha gøymd unna sylv i Nipedalsskotet i nærleiken av Underberg og Solberg, men dei som har leitar har enno ikkje funne noko.[10] Det var visstnok det at Haavor var ein tjuvradd som fekk begeret til å renne over for Kari, og som gjorde at ho kasta han ut 2. april 1825.

Drapsvåpenet

Knivbladet frå kniven som vart nytta under drapet på Øvre Sinnes i Vrådal i 1825.
Foto: Åse Marit Kleiv Dale. / Vest-Telemark Museum.

Haavor drap kona med ein tollekniv. Kniven låg lenge på lensmannsgarden Haukom i Kviteseid, og vart ei eller anna gong tatt inn som gjenstand i samlinga til Kviteseid Bygdetun ved Vest-Telemark Museum. I den gamle protokollen frå Kviteseid Bygdetun står det:

«Drapskniven til "Skrubbe-Håvard" i Vrådal
Den 6. april 1825 gjekk det føre seg eit drap på Øvre Sinnes i Vrådal. Enka Kari Jørgensd. Sinnes gifte seg att med Håvard Olsen Undeberg, ho nærare 60 år og han 36 år. Ekteskapet var heller skrøplegt og det varde ikkje lenge før dei vart fråskilde. 2.påskedag 1825 reiste han attende og drap han kona si med denne kniven. Han døydde natti millom 15. og 16. mai i fengslet på Haukom i Kviteseid. Han vart gravlagt utanfor muren i det nordvestre hjørnet på Kviteseid gamle kyrkjegard.»[11]

I kyrkjeboka for Vrådal prestegjeld står Kari Jørensdatter oppført død 6. april, gravlagd 18. april – 61 år gamal.[12] Haavor Olsen står oppført død 16. mai, gravlagd 25. mai – 39 år gamal.[13]

Kjelder

  • Bakken, Olav, Kviteseid Bygdesoge II, Gardsoga, Kragerø, 1962. Digital utgåve på bokhylla.
  • Ormestøyl, Per (red.), Ole Blom, dagbøker og brev, 1809-1846, Vest-Telemark Museum, 2016.
  • Sanden, Tor O., "Skrubbe-Håvor", i Straand, Harald, Vraadal-slekta Straand: ættetavler og nokre historier, Vrådal og Skien, 1999.
  • Rikard Berges Handskriftsamling, "Nr. 554, DLIV, Vrådals historie", ved Signe Vesterdal. Telemark Museum.
  • Gjenstandsprotokoll for Kviteseid Bygdetun. Vest-Telemark Museum.

Eksterne lenker

Referanser

  1. Rikard Berges Handskriftsamling, Nr. 554, DLIV, Vrådals historie, ved Signe Vesterdal, s. 101, digital utgåveTelemarkskilder.
  2. Per Ormestøyl (red.), Ole Blom, dagbøker og brev, 1809-1846, bind 2, Vest-Telemark Museum, 2016, s. 51.
  3. Per Ormestøyl (red.), Ole Blom, dagbøker og brev, 1809-1846, bind 2, Vest-Telemark Museum, 2016, s. 52.
  4. Per Ormestøyl (red.), Ole Blom, dagbøker og brev, 1809-1846, bind 2, Vest-Telemark Museum, 2016, s. 51 ff.
  5. Per Ormestøyl (red.), Ole Blom, dagbøker og brev, 1809-1846, bind 2, Vest-Telemark Museum, 2016, s. 56.
  6. Tor O. Sanden, "Skrubbe-Håvor", i Harald Straand, Vraadal-slekta Straand: ættetavler og nokre historier, Vrådal og Skien, 1999, 57ff. Digital utgåvebokhylla.
  7. Ministerialbok nr. III 1, Kviteseid prgj., Vrådal sokn, 1815-1836 Digital utgåve.
  8. Sanden, 1999, 58.
  9. Sanden, 1999, 59
  10. Sanden, 1999, 59.
  11. Gjenstandsprotokoll for Kviteseid Bygdetun, Vest-Telemark Museum.
  12. Kyrkjeboka. Digital utgåvedigitalarkivet.
  13. Kyrkjeboka. Digital utgåvedigitalarkivet.