Einar Tambarskjelve

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Einar Eindridesson Tambarskjelve (fødd kring 980, død kring 1050) var ein av dei mektigaste menn i Noreg i første halvdel av 1000-talet, og særleg då han var formyndar og seinare rådgjevar for Magnus den gode. Tilnamnet Þambarskelfir kjem frå ordet þǫmb, 'utspilt' eller 'bogestreng'; han skal ha vore ein framifrå bogeskyttar. Det vi veit om Einar kjem frå sagaene, som vart nedteikna på 1100- og 1200-talet. Av kjelder frå hans eigen tid har vi berre eit vers av Harald Hardråde.

Han var son av Einride Styrkårsson. Vi kjenner ikkje namnet på mora. Han vart gift med Bergljot Håkonsdotter (omkr. 990–omkr. 1055), dotter av Håkon Eiriksson ladejarl.

Vi går først attende til tilnamnet hans. I ei islandsk kjelde frå kring 1400 kjem forklaringa om at det er bogestrengen som er opphavet, altså 'bogestrengskjelvaren'. På 1900-talet meinte Finnur Jónsson at dette ikkje var rett, for i vanleg islandsk språkbruk var þǫmb eit tilnamn som sikta til ein utspilt mage, og at han skal ha vore fyldig i sine seinare år. Dette er ikkje nemnd i kjeldene, og namnet ser ut til å ha vore bruke som eit hedersnamn på ein bogeskyttar, ikkje eit aukenamn på ein lubben gubbe. Jónsson sin teori fekk lite støtte, og dei fleste held seg til bogeskyttarversjonen.

Han budde på Gimsan i Gauldal. Gjennom ekteskapet med Bergljot vart han nært knytta til ladejarlane. Snorre Sturlasson nemner dette, men samstundes fortel han at Einar var sentral på Olav Tryggvasson sin side i slaget ved Svolder, og at han såleis kjempa mot verbroren Eirik Håkonsson. Det er frå dette slaget vi har den mest kjende historia om Einar. Ifølgje Snorre brast Einar sin boge, og då kongen spurde «Kva brast der so høgt?» svara Einar: «Norig or hendane dine, konge.».[1] Einar skal ha lånt kongen sin boge, men den var ikkje sterk nok for han: «For veik, for veik er kongens boge», sa han, og måtte kjempe med sverd og skjold. Truleg er dette ei anekdote som gjev kulør til historia om slaget, og ikkje ei faktisk hending.

Vi veit lite om kva Einar gjorde medan Olav Haraldsson var konge. Snorre nemner at han i 1022 vart forlikt med Olav, men at han seinare i 1020-åra slutta seg til Olav sine motstandarar. Han er ikkje nemnd i samband med slaget på Stiklestad, og truleg var han ute av landet då.

Under Svein Alfivasson skal han ha samarbeidd med Kalv Arnesson og fleire av sine tidlegare motstandarar. Særleg bikskop Grimkjell var viktig i denne alliansen, som skulle opprette eit alternativt styre. Einar og Kalv henta i 1034 Magnus Olavsson heim frå Russland, og året etter vart han konge. Einar skal òg ha vore ein av de første som rekna Olav Haraldsson som heilag. Ladejarlane var utdøydd i mannslinja, og det ser ut til at Einar som Magnus sin formyndar, og seinare ein av hans viktigaste rådgjevarar, tok på seg noko av den rolla jarlane tidlegare hadde hatt.

Einar kom ikkje overeins med Harald Hardråde, som vart samkonge med Magnus i 1046 og einekonge då Magnus døydde i 1047. Han skal ha motarbeida kongen, og råda Magnus til ikkje å dele riket med han. Kring 1050 kom det til eit oppgjer mellom Einar og Harald. Det er frå denne tida vi har det tidlegare nemnde verset frå Harald, som viser at kongen ikkje likte at Einar hadde ein så stor skare med væpna menn kring seg. Det endte med at kongen fekk sine menn til å hogge ned båfde Einar og sonen Eindride Einarsson under eit forhandlingsmåte. Dette førte ikkje til noko opprør eller hemnaksjonar, truleg fordi kongen var for mektig til at nokon andre torde gå laus på han.

Referansar

Litteratur