Eivind Vågslid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind Vågslid.
Foto: Faksimile frå Norges filologer og realister (1933)

Eivind Vågslid (fødd 23. september 1897 i Vinje, død 21. august 1986Eidsvoll) var lektor og stadnamngranskar. Han var fødd og oppvaksen på garden Nordre Vågslid i Vinje i Telemark. Foreldra var Torjus og Åse Vågslid. Trass i at han var odelsgut valde han filologien framfor gardsbruket, og som lektor underviste han storparten av sin yrkeskarriere på Eidsvoll landsgymnas, i heile 27 år. Ein periode underviste han også ved Universitetet i Oslo. Allereie før han hadde fullført utdanninga si utmerka han seg som forskar. I 1926 fekk han kongens fortenestemedalje for sine granskingar av norske mellomalderbrev. Seinare var det namneforsking som kom til å oppta han mest.

I 1961 søkte han om avskil frå lektorstillinga slik at han kunne få tid til å konsentrera seg heilt og fullt om den store oppgåva si, nemleg tolking av norske stadnamn. Då han døydde i 1986 let han etter seg ein stor produksjon, ikkje minst to trykkeferdige, ruvande manuskript som han ikkje rakk å gje ut medan han levde: Norderlendske fyrenamn (utg. 1988) og Norske skrivarar i millomalderen (utg. 1990).

Nasjonalromantikk?

Men det var likevel for si gransking av opphavet til stadnamn at han vart mest kjend - og vekte mest debatt. Vågslid heldt eit dundrande oppgjer med oppfatninga av at mange gamle gardsnamn skulle vera laga av heidenske gudenamn. Dette skuldast etter Vågslid si meining ei nasjonalromantisk oppfatning som hadde byrja med P.A. Munch (1810-1863) på midten av 1800-talet, og som vart teke opp av stadnamngranskarane etter han, ikkje minst av Magnus Olsen, som hevda at det fanst minst seks hundre stader i landet som hadde fått namn etter dei gamle gudane. Vågslid var ikkje nådig i omtala av denne tankegongen, av «den vranglæra, den ovtru og den skynløysa som i stor mun hev rått i norderlendsk stadnamngransking, den vranglæra som vart grunnlagd av P.A. Munch, den ovtru som serleg vart nørd med det ville og røyndlause tankespinnet åt Magnus Olsen.»

Det seier seg sjølv at han ville møta motstand. Og motstanden vart hard. I 1974 søkte han om å få disputere på ei avhandling om temaet, berre for å bli møtt med ein massiv kritikk. Vågslid kom med krasse og akademisk solide motsvar både i 1979 og 1984, men doktorgraden fekk han aldri. Arbeidet som låg til grunn for disputassøknaden, vart seinare gjeve ut som Stadnamntydingar I-IV, der særleg band II (Oslo, 1974) er særs omfattande og eit nyttig korrektiv for alle som syslar med stadnamngransking.

Natur og ikkje gudar

Vågslid hadde inga tru på at det var gamle gudenamn ein fann i stadnamna kringom i landet, han hadde ei meir praktisk tilnærming. Han tolka t.d. leddet tor- som eit lydmalande ord, eit onomatopoetikon. -tor hadde ingenting med guden Tor å gjera, det skulle tyda bulder, og sidan det buldrar av fossar - og det gjerne er gode fiskeplassar på slike stader - meinte Vågslid at ordet hadde gått over til å få ei meir generell tyding - «fiskeplass». Ettersom toreguden (buldreguden) også vart framstilt som fiskar, tolka Vågslid det som ei avleiing. Sidan -tor kunne bety både godt fiske og var namnet på ein gud, måtte guden vera fiskarane sin gud. Eit anna døme: Namn som byrjar - eller inneheld - leddet -hov, som Hovland, har ein gjerne tolka slik at det har vore eit hov der. Men det stemmer ikkje, meinte Vågslid. «Hov» tyder ganske enkelt «haug», seier han, og har såleis ikkje noko med gudehov å gjera. På same vis avviste han at liknande ord som ein skulle tru kom av gudenamn ikkje hadde noko med den gamle heidendomen å gjera, men at dei tvert om skildra dei naturlege tilhøva på staden, t.d. om det var kaldt eller bratt eller skogrikt der. Litt enkelt kan me seia det slik at Vågslid meiner bøndene slett ikkje kalla opp gardane sine etter gamle gudar slik den rådande læra gjekk ut på, men etter former i naturen.

Kjelder og litteratur

  • Artikkel om Vågslid på nettstaden Allkunne.
  • «Eidsvollingen som endret stedsnavnforskingen», Eidsvoll Blad 1.11.1997
  • «Namnegranskaren Eivind Vågslid», Gula Tidend 26.11.1988
  • Nes, Oddvar: «Eivind Vågslids verksemd og verk», i Eivind Vågslid: Norderlendske fyrenamn. Eidsvoll 1988.
  • Økland, Einar: «Samtale med Eivind Vågslid», i Basar nr. 4/1978, også i essaysamlinga Einar Økland: Nå igjen. Artiklar, kommentarar, innlegg, intervju o.a. Oslo 1982
  • Norges filologer og realister. Utg. Dreyer. 1933. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Eivind T. Vaagslid i folketeljinga 1900 for Vinje herred frå Digitalarkivet.
  • Evind T. Vaagsli i folketeljinga 1910 for Vinje herred frå Digitalarkivet.

Eksterne lenkjer

Bibliografi

Ein fullstendig bibliografi finst i Norderlendske fyrenamn. Namnebok. Eidsvoll 1988.