Eldhusåkeren (Bykle gnr 1/5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eldhusåkeren
Stad: Breive
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 1
Bnr: 5

Eldhusåkeren var eit småbruk i Breive i Bykle kommune som, etter det me får fortalt, låg ein stad austom tunstaden i Der inne. Olav Alvsson heldt det att, og fekk det utskilt og matrikulert, då han selde Nordgarden til Hallvard Hallvardsson i 1882. Ettersom det vart skyldsett til 2 skilling, dvs. 2/55 av Nordgarden på den tida, og ikkje berre til minimumsskylda 1 skilling, reknar me med at det må ha vore noko meir enn berre ei hustuft og ein åkerlapp.

Dei som budde her frå 1882 og frametter var Salmund Knutsson Breive, den andre kona hans, som heitte Tjodvor Olavsdotter, og døtrene Gyrid og Torbjørg. Salmund hadde gjennom livet vore mykje på flytjefot, men ein stad lyt me setje inn hovudomtalen av han, og ettersom det var her han budde på slutten, kan det høve å handsama han nærare her.

Salmund var fødd i Der sø som den yngste av borna åt Knut Monsson Håra og kona, Gyrid Torbjørnsdotter. Ei syster hans heitte Margit, og var gift med Alv Knutsson i Der inne, og desse var foreldra åt ovannemnde Olav Alvsson. Me vil tru at dette var grunnen til at Olav fekk skilt ut småbruket her, og let Salmund sitje vederlagsfritt resten av livet.

Salmund Knutsson Breive, f 1810, d 1895

g 1. 1839 m Ragnhild Augundsdtr. Våmartveit, f 1812, d 1860
born:
  • Knut, f 1841, d 1841
  • Knut, f 1843, d 1852
  • Anne, f 1845, g m Knut Alvsson Breive, sjå Der inne, bnr 2
  • Augund, f 1851, d 1851
  • Augund?
  • Gyrid, f 1855, g 1896 m em Olav Tarjeisson Bjones, sjå Bjones under Berdalen
  • Knut, f 1859, g 1894 m Signe Gunnarsdotter Vaddeli, Fyresdal, busett Nyland u Nordigard Svalastog, born: Ragna, f 1895, Lovise, f 1899, jfr. Fyresdal gards- og ættesoge, II, 1992, 789
g 2. 1862 m Tjodvor Olavsdtr. Maurlii, f 1833, d 1907
born:
  • Olav, f 1862, d 1864
  • Olav, f 1866, d 1877
  • Torbjørg, f 1872, g 1893 m Ole Johan Andersen, sjå Jeiskelid, gnr 3, bnr 7

Ragnhild Augundsdotter var frå Sudistog Våmartveit i Vinje, dotter åt Augund Ånundsson på det bruket, og kona Anne Eivindsdotter, fødd Tokke-Dalen.

Denne teikninga av Myllarguten vart laga i 1860, då han var i Kristiania og spila for kongen. Tjue år tidlegare spila han i brudlaupet til Salmund Breive. Teikning frå Setesdalsmuseet.

Gjestebodet då Ragnhild og Salmund gifte seg, gjekk det sidan gjetord om både i Bykle og vidare utover (jfr. Vinje og Rauland, II, 361). Det er nok Svein Hovden som har fortalt Johannes Skar om dette laget, men ettersom det sto fyre han vart fødd, lyt han ha høyrt om det frå einkvan eldre. Me tek med ein stubb av det Skar har formidla vidare ('Gamalt or Setesdal II, 83):

Eg hev snart aldri vore i so greidt eit brudlaup som i Breivi, hjå Salmund Breivi. Han hadde skipa til so kongeleg: der var fem tunnor [579 liter] øl og fire ankarar [154,4 liter] brennevin. Eg fylgde frå kyrkja. Me venta på pråmen eit bil med Breivivatnet. Då høyrde me «Myllaren» av lengdom, koss han fela i tunet. Me drakk i tri dagar og tri næter samfelt [...]. Det var so stort eit brudlaup. Dei var bedne av Austlandet og av Nordlandet og or Sætesdal [...].

Men om dei hadde aldri så drusteleg eit gjestebod, gjekk det ikkje så bra sidan. Det vart fatigdom og smått stell, og mange av borna døydde små. I den gamle gards- og ættesoga (211) finn me av ein eller annan grunn Salmund og huslyden hans oppførde i bolken om Der uppe, bnr 9, men der budde dei aldri. Det er heller ikkje rett, slik den nemnde boka også seier, at Salmund budde «der [dvs. i Breive] heile si tid», om han enn var her mykje av tida. Då han gifte seg i 1839 var han «inderst» (busete) på Hovden, i 1845 var han husmann der. Kring 1848 har han truleg fått kaupe seg ein gardpart einkvarstad i Hovden, for det året var han i fylgje kyrkjeboka «selveier». Men det kan i så fall ikkje ha ha vart lange stunda, for frå 1851 og frametter var han «inderst» i Breive, og det var han framleis då han gifte seg andre venda i 1862.

Tjodvor, andre kona, var dotter åt Olav Sveinsson Maurlii og kona, Torbjørg Tarjeisdotter. Ho var så framifrå visekunnig, Tjodvor, at Torleiv Hannaas set henne på line med Hallvard Bjåen («Folkeviser etter Svein Hovden», Norsk Aarbok 1921, 144):

Daa [Svein var ung] dreiv dei mykje med vise-kveding i Bykle. Dei som kunde mest og som kvad best, var Hallvor Bjaai og Tjodvor Breivi. Og baae desse var Svein mykje saman med.

I 1865 finn me Tjodvor og Salmund som busetar i Vatnedalen, men seinare, iallfall i åra 1872-75, var dei bruksfolk i Der inne i Gjerden, og i 1877 sameleis einkvarstad i Stavenes. I 1882 flutte dei inn på bruket her. Også her vart det smått for dei, og både Salmund og Tjodvor var «forsørget af fattigvæsenet» då dei døydde, men i det minste hadde dei då ein fast verestad så lenge Salmund livde.

Etter at Salmund var borte gjekk Eldhusåkeren inn som ein del av Utistoga, og i 1913 vart bruket sletta or matrikkelen.


0941 Bykle komm.png Eldhusåkeren (Bykle gnr 1/5) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Breive Der inne • Neste bolk: Utistoga Breive