Elias Blix

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Elias Blix

Elias Blix (18361902) var forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han blei fødd på Våg i Gildeskål i Salten i Nordland den 24. februar 1836 og døydde i heimen sin i Kristiania (Oslo) den 17. januar 1902. Han blei gravlagt på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania.

Blix oppdaga landsmålet då han gjekk på lærarskole i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til Kristiania og blei knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja, men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Blix hadde nettopp tatt teologisk embetseksamen. Hendinga i Gildeskål blir sagt å vere grunnen til at han ikkje blei prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål.

Blix var med på arbeidet med å omsette Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Det var først i 1892 at det blei lov å synge salmane hans i kyrkja. I Norsk Salmebok er det tatt med over 50 salmar av Blix.

Elias Blix' gate på Ila i Oslo fekk namn i 1934.

Aftenposten refererte i aftenutgåva si den 21. januar 1902 frå minnetala til stortingspresident Edvard Liljedahl over Blix i Stortinget same dag, som stortingsrepresentantane tradisjonen tru påhøyrde ståande (utdrag):

Sitat Siden Storthinget sidst var samlet til møde har vort fædreland og vort Universitet atter lidt et stort tab. Fhv. statsraad, Dr. Professor Elias Blix er nemlig vandret bort. Jeg er sikker på, at budskabet herom modtages med sorg ikke alene i denne sal, men udover det hele land fra hytten til hallen. Professor Bliz var nemlig en landskjendt mand, og han var ligesaa anerkjendt og elsket som han var kjendt, og han fortjente at være det. … Ubetinget størst betydning har professor Blix havt som sanger og salmedigter; som saadan skal han nævnes jevnsides med vore bedste. Sitat

Fleire veger og gater i landet har namn etter Elias Blix, til dømes i Oslo, der Elias Blix' gate på Ila vart namngjeven i 1934.

Lenkjer

Kjelder

Elias Blix gravminne, Vår Frelsers gravlund, Oslo

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Elias Blix» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.