Elisabeths Broderisalong

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Elisabeths Broderisalong var ei spesialforretning i handarbeidsartiklar i Sykkylven. Butikken vart opna i 1982 og hadde hovudvekt på utstyr og materialar for strikking, hekling og brodering. I tillegg til ordinære varer, vart det også satsa på meir sjeldne ting, t.d. spesielle sortar garn og tråd, som vart lagerførde i fleire hundre fargar frå norske, svenske og finske fabrikkar. Mange typar dukar og hekla brikker høyrde og med til vareutvalet.

Eigarane, Bergljot Weiberg-Aurdal og Elisabeth Garshol, hadde begge lang røynsle i handarbeid. Dei leigde også ut dåpskjolar, og tok mot ty til rensing.

Det viste seg at det var vanskeleg å få god nok inntening på ei slik nisjeforretning i Sykkylven. For å styrke driftsgrunnlaget byrja dei etter kort tid med innramming av bilete. Det var Kåre Garshol som stod for dette. Etter eit par år med kombinertdrift, slutta dei med garn og broderi og vart ein rein foto/rammebutikk med namnet Number One. Forretninga var ein av dei første på Sunnmøre med eige minilaboratorium for framkalling av bilete på ein time.

Forretninga starta i det såkalla Skotte-huset. Etter ei tid flytte verksemda til Klockshuset og tok over Artello. Då dreiv dei også med videoutleige og spelehall, i kjellarlokala.

Number One vart avvikla tidleg på 1990-talet.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.
  • Informasjonar frå Elisabeth Weiberg-Aurdal (tidl. Garshol) til Eldar Høidal, 2015.