Eltvik krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eltvik krins er ein skulekrins i tidlegare Selje kommune i Nordfjord. Noverande kommune er Stad kommune.

I ein periode var Eltvik og Honningsvåg ein krins.

Skulehus

Skulehuset i Eltvik krins sto mest sannsynleg ferdig i løpet av 1909, då det første møte i krinsen i det nye skulehuset var 21.januar 1910. Tomta til skulehuset vart kjøpt i 1905 av Severin Eltvik og Nikolai V. Eltvik. Huset var bygd på ein steinmur. Før dette var det omgangskule i leigd lokale hos blant anna Samuel Rasmussen Eltvik, Johan Samuelsen Eltvik, John Sjursen Eltvik, John. Johnsen Eltvik, Vilhelm Olsen Eltvik, Peder Pedersen Eltvik og Nikolai V. Eltvik.

Skuledagen

Skulevegen

Ut i frå skuleprotokollane og dagbøkene viser det seg at Eltvik og Honningsvåg var ein krins i ein periode, det er usikkert kor lenge denne perioden var, men vertfall mellom 1887-1891 hadde desse to stadane same lærarar og protokollar. På vinteren i denne perioden var det vinterskule på kvar stad, mens på våren og hausten hadde dei skule saman. Elevane og læraren må da ha gått over fjellet mellom dei to stadane, sidan det bytta på kva stad det var skule.

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Ivar Styrksson Brattetaugle Eltvik, Honningsvåg og Borgundvåg Er ein vanskeleg person å finne i offentlege register, men var i skulen i 1877
Johan Skram Eltvik og Honningsvåg Var lærar i 1881
Oskar S. Hjelle 01.10.1900 Eltvik 1923 1939 Elverum lærarskule Jobba etter dette i Kjøde krins, men var også innom Ervik og Drage krinsar
A. Myklebust Eltvik Var vikar i åra 1931-1934, men skreiv også under på protokollane frå 1927-1931
Jonas Sjåastad Eltvik Har signert som lærar i 1947 og i første halvdel av 1948
Johannes Sande Eltvik Vikar i skuleåret 1921/22

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Forhandlingsprotokoll for Honningsvåg og Eltvik skulekrins 1890-1980
  • Dagbok for Eltvik skule 1927-1979
  • Karakterprotokoll for Eltvik, Honningsvåg og Borgundvåg krins 1875-1888
  • Karakterprotokoll for Eltvik skule 1909-1933


Koordinater: 62.18547° N 5.23708° Ø