Emblemsruta

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Emblemsruta er eit av fleire små busselskap som i 1987 vart oppkjøpt av Ålesund Bilruter. Selskapet vart stifta som andelslag i 1928.

På sine eldre dagar skreiv ein av grunnleggarane, Oskar Emblem ned historia om rutelaget. Teksten vart seinare tilrettelagt av Kristoffer Emblem og Tor Sindre Grønningsæter. for publisering på Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre sine heimesider. Den er tilgjengeleg anten i høgre-menyen under lokal historikk eller på heimesida til www.emblemsbygda.com . Der finst det også intervju med ein annan veteran; Peder Magerholm og ei rekkje bilete av dei eldste bussane. I dag er dei fleste lokalruter i Møre og Romsdal historie, medan bussdrifta er utlyst på anbod frå fylkeskommuna under fellesnamnet "Fram" med felles fargar og profilering.