Ersvik (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ersvika på Tustna»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ersvik
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Aure
Gnr.: 201
Type: matrikkelgard
Postnummer: 6590

Ersvik (uttale /'e:rsvi:ça/ (nominativ/akkusativ), /'e:rsvi:çen/ (dativ); slektsnamnet blir oftast uttala /'ærs:vi.k) er ein matrikkelgard på innersida av øya Tustna i Aure kommuneNordmøre. Garden grensar til Hals i aust og Sør-Halsnes i vest. Fjellvaldet går opp til skardet mot Gullsteinsdalen.

Namnet Ersvik

Gardsnamnet er skrive Eriisuig (1559), Erißuigh (1590), Erßuiig (1643), Erichwigen (1667), Erridsvig (1723) og Erritsvig (1817).

Eiriks vik?

Ein skrivemåte som antydar ein k-lyd finst i Erichwigen (1667), og Oluf Rygh tolkar da òg namnet som ei samansetjing med mannsnamnet Eirikr.

Morgonsola?

Vika og gammeltunet på garden er særprega ved at dei ligg inntil ein åsrygg og eit høgdedrag mot nordvest som gjev ly, men òg lokal ettermiddagsskygge. Om dette er namnegrunnlaget, så kjem førsteleddet heller frå sørsamisk aereds- (utt. /æ:reds-/), jf. aeredsbahkoe, ‘morgonbakke, bakke med ettermiddagsskygge’ , noko som passar godt med fem av dei seks eldste skrivemåtane av namnet, deriblant alle dei tre frå føre 1667.

Andre hypotesar

Saumerke for Ersvik og Sørhalsnes i Saumerkebok for Tustna.

Bildegalleri

Kjelder

Koordinater: 63.14534° N 8.08385° Ø