Fardal skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fardal skulehus.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2007).

Fardal skulehus i Fyresdal kommune er bygd 1908. Fardal vart nedlagd som skule 1957 og er i 2011 grendehus. Skulen på Fardal erstatta opphaveleg Framnes skulehus, bygd 1892 og rive 1908. Huset er borte.

I Fyresdal er det ei lang rekke skulehus som kvar for seg ber preg av den perioden dei vart bygd i. Det er mellom anna ein periode der skulestove og bustad for lærar båe får inngang frå eit langsgåande bislag utanpå bygningen. Slik er Hauggrend skulehus som er bygd 1900 med skulestove og to rom for lærar, og likeeins Fardal skulehus bygd 1908 med skulestove og to rom for lærar. Truleg etter ein av Binneballes typeteikningar.

Vestkanten grendelag omfattar både tidlegare Breivik skulekrins og Framnes/Fardal skulekrins. Vestkanten grendelag er eit sers aktivt grendelag som har Fardal skulehus som grendehus. Breivik skulehus er gått attende til garden det vart utskilt frå.

Kjelder

Ekstern lenke