Fastskular på Sunnmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fastskular på Sunnmøre er eit prosjekt FortidsminneforeningaSunnmøre sette i gang for å markere 200-årsjubileet for Grunnlova av 1814. Foreninga sette ned ei arbeidsgruppe med historikar Aud Farstad som leiar og sende ut brev til alle kommunane for å få inn informasjon om dei skulehusa som vart bygde i perioden 1860 - 1920.

Arbeidsgruppa har vore slik:

  • Aud Farstad, historikar
  • Sylvia Baier Evensen, kunsthistorikar
  • Kari Hasle, historikar
  • Vibeke Lunheim, historikar
  • Martin Nystad, handverkar
  • Trine Naadland, bibliotekar

Prosjektet er ikkje ferdig, og me vil gjerne ha inn tilleggsinformasjon. Me har valt å offentleggjere det som hittil er samla inn slik at andre kan få glede av det, og me kanskje kan få inn tilleggsopplysningar som kan gjere registreringa betre.

Etter den generelle innleiiinga, kjem der ein artikkel for kvar av dei 17 kommunane som utgjer Sunnmøre. Kommunestrukturen er svært mykje endra i høve til dagens situasjon, så for å kunne orientere seg i geografien, tek me utgangspunkt i dagens kommunestruktur, men gjer greie for endringane under kvar kommune.


Skulehistorie i Noreg

Christian 6. av Danmark-Noreg
Foto: Oljemåleri av Johann Salomon Wahl

I 1739 gjennomførte den pietistiske og svært lite muntre dansk-norske kongen Christian VI med mottoet "For Gud og folket", den største skulereforma nokon gong for alle innbyggere i landet. Målet var at alle skulle lære seg å lese, skrive og rekne. Og sjølvsagt - det var det viktigaste - lære god kristendomskunnskap slik at dei kunne bli konfirmerte.

I paragraf 22 var det framlegg om at det skulle byggast skulehus med skulestove i tillegg til kammers og stove for læraren. Lova viste seg fort å vere altfor ambisiøs, men steget mot ei utdanning for alle var gjort.


1827

Etter lausrivinga frå Danmark og i union med Sverige fekk Noreg neste skulelov i 1827. I paragraf 2 i lova vart det slått fast klokkaren i kvart hovudsokn skulle halde skule i huset sitt eller i eit "anviist Huus" som skulekommisjonen bestemte. Også dette viste seg vanskeleg i Noreg. Omgangsskulen vart normen heilt fram til 1860.


1860

Lov om almueskolen paa Landet 1860
Foto: fotograf/kilde

I 1860 kom det ei ny og omfattande skulelov som slo fast at i kvar skulekrins med meir enn tretti elevar skulle ein bygge faste skulehus. Etter kvart tok det til ei omfattande bygging av skulehus over heile landet. Det er desse skulehusa "Fastskuleprosjektet" til Fortidsminneforeninga på Sunnmøre dreier seg om.


Bøker om skulen på landsbygda i Noreg:

Det er skrive mykje om skulen, skuleskipnaden og lærarane i bygdebøker og memoarbøker. Her er eit lite utval:

Frå etnologen Praktboka som etnologen Ørnulf Hodne har skrive frå perspektivet til dei som brukte skulen: (Hodne:Folkeskolen i folkeminnet. Cappelen 2010)

Frå historikaren Andre - som historikar Johannes Helgheim - har skrive om "Almugeskolen paa bygdene" (Aschehoug 1980) frå ein meir prinsippiell synsstad.

Om lærarane Historikaren Gro Hagemann har skrive boka "Skolefolk. Lærernes historie i Norge". (Gyldendal 1992)

Om lese og skrivekunne på Sunnmøre Dei viktige bøkene til Jostein Fet om "Lesande bønder" (Universitetsforlaget 1995) og "Skrivande bønder" (Samlaget 2003) er ikkje til å kome utanom når det gjeld opplysning om lese- og skrivekunne mellom allmugen på Sunnmøre før 1860.


1860 - "Fastskulelova"

Skulelova av 1860 - populært kalla "Fastskulelova" fastsette mellom anna at kommunane måtte bygge skulehus der det var over 30 elevar i ein skulekrins. Dette førte til ei storstilt utbygging av skulehus over heile landet på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Dette er viktige kulturminne for heile folket. Skulane var kulturhusa i bygdene. Her var det foreiningsmøte og her var det julefestar og 17-maifeiring. Dette er bakgrunnen for at Fortidsminneforeininga på Sunnmøre har valt desse kulturminna som vårt prosjekt i høve grunnlovsjubileet i 2014


Bygningshistorie om skulehusa

Leidulf Mydland har skrive den grunnleggande artikkelen om dei gamle skulehusa bygde etter den såkalla fastskulelova etter 1860.


Dei første fastskulane på Sunnmøre

Borgund fri- og fattigskole
Foto: Aud Farstad

Den såkalla fastskulelova kom i 1860, men det hadde vore fastskular før dette, sjøl om dei var få.

Med fastskule meiner vi skulebygg som er sett opp som skulebygg. Det var mange stadar fastskular som vart etablerte i eit rom i eit bustadhus osb. Dette fell ikkje inn under det prosjektet vi arbeider med.

Det første fastskulehuset som vart bygd på Sunnmøre var "Borgund fri og fattigskole" (bildet over) som vart etablert i 1743. Det var presten i Borgund prestegjeld, Augustinus Meldahl (1742-1777) som oppretta skulen og som gav pengar og hus. Skulen skulle vere eit prov på hans takksemd over Gud si omsorg for han. Skulen står no på Sunnmøre Museum ikkje langt frå der han opphaveleg vart bygd. Skulen har ei stolt historie. Då biskop Brun var på visitas i 1803 skreiv han at det var den einaste frie skulen i sitt slag i landet. Skulen tok til i november 1743 og hadde 12 elever i gongen. Dei fekk fri kost og losji og undervisning. Kvar andre eller tredje månad vart elevane skifta ut. Ei hushaldarske budde på skulen og hadde tilsyn med barna. Kosten var flatbrød, graut, fisk og sild (potetdyrking slo ikkje gjennom på Sunnmøre før inn på 1800-talet)


Skulen vart driven med pengar frå friviljuge gåver i pengar eller varer.Det var ikkje alltid like lett å halde han i gang. Fleire prestar gav av eigen formue for å halde skulen i gang. Vanlege bønder gav også når dei til dømes hadde hatt gode fiskeri. I 1823 vart det samla inn pengar mellom vårsildfiskarane til sko og klede til dei fattige barna i denne skulen. I 1837 var biskopen til stades ved eksamen i fattigskulen og var svært nøgd med det han opplevde. Mellom anna la fleire jenter fram prøver på vakker handskrift. Det var ikkje vanleg den tida at alle - særleg ikkje jentene - lærde å skrive. Likevel i 1840 var skulen i så dårleg teknisk forfatning at han vart nedlagd, men opna att ti år seinare då dei hadde fått reparert han. I 1876 vart skulen lagt ned for godt. Les også om skulen i "digitalt musemum"


Ørskog

I Ørskog hadde ein i første halvdel av 1800-talet to sterke personlegdommar, far og son Peter og Lars Strømme, som gjorde at Ørskog stilte i ei klasse for seg i skuleutviklinga. Dei var gardbrukarar og skulehaldarar med sterk interesse for opplysning. Då Lars bygde nytt våningshus på garden fekk han plass til eit ekstra rom der han ville drive fastskule. Denne fastskulen kom i gang i 1835 eit år etter at Lars hadde vore i Bergen og lært. Då biskopen besøkte skulen to år etter opninga var det femti elevar i denne fastskulen, og biskopen meinte Lars Strømme var ein av dei mest dugelege lærarane i heile Bergen stift. Denne fastskulen er likevel ikkje ein fastskule slik vi definerar dei i "Fastskuleprosjektet". Her meiner vi skulehus som er reist einast som skular.

Dalsbygda skule
Foto: Astor Furseth

Det første huset som vart bygd til skulehus for allmugen ser ut til å ha vore bygd i Dalsbygda i 1846. Sommaren 1840 tok den faste skulen til i eit leigd hus, men i 1846 tok ein i bruk den nye bygninga for skulen - eit bygg som stod på Dalebø. Her budde også læraren. Bildet over viser Dalsbygda i 1883. Skulen er det mørke huset med grastak til høgre i bildet. Det vart bygd ny skule i 1889 og den står no på Sunnmøre Museum

(opplysningane om den første skulen er henta frå boka "Skulestell og folkeopplysningsarbeid i bygdene i Bergens stift 1800 - 1850" av Halkild Nilsen)


Ulstein

Skulehus på Sunnmøre
Foto: Teikning av Jarle Osnes

I den interessante boka som Ulstein kommune gav ut til skulen i Norge sitt 250-årsjubileum i 1989 (utgjeven i 1990), skriv forfattaren, Kristen Ulstein, at formannskapet vedtok bygging av fast skulehus i 1847. Huset vart innkjøpt frå Skodje, rive og frakta til leigd grunn ved Vikeelva. Skule og flytting og oppattbygging kosta vel 230 spesidalar.

Skulen vart nytta til 1896, først i Vik og sidan i Halsen, trass i at ein heilt frå byrjinga hadde problem med at arbeidet med bygginga hadde vore av noko dårleg kvalitet. Etter 1896 vart skulehuset seld til Ulstein meierilag og flytta til Hasundstranda. Etter at meieridrifta vart lagd ned vart huset seld til Larsnes der det skulle tene som arbeiderbustad på Sauda kalkverk. Slik vart skulen sin lagnad eit interessant eksempel på korleis folk på det trelause Sunnmøre har kjøpt og flytta hus. Det er òg ein viktig del av kulturminnesoga. Skal tru om nokon veit kva for vidare lagnad skulehuset fekk? Eller kan nokon hjelpe oss med foto av denne skulen?


Kjelder og litteratur:

Halkild Nilsen: Skolestell og folkeopplysningsarbeid i bygdene i Bergens stift 1800 - 1850. Gyldendal 1953

Ørnulf Hodne: Folkeskolen i folkeminnet. Cappelen Damm 2010

Johannes Helgheim: Allmugeskolen på bygdene. Aschehoug 1980

Gro Hagemann: Skolefolk : lærernes historie i Norge. Gyldendal 1992

Jostein Fet: Lesande bønder. Universitetsforlaget 1995

Jostein Fet: Skrivande bønder. Samlaget 2003