Fauske Landhandel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fauske Landhandel var ein assortert landhandel i Fauskebygda i Sykkylven. Det var Bernt Fauske som kom i gang med dette firmaet i 1938. Seinare tok Bertha og Mindor Hjellegjerde over ei tid, og frå 1952 var det Ragna og Jens Ullavik som stod føre drifta. Dei dreiv i om lag ti år i lokale som dei leigde av Bernt Fauske.

I 1962 kunne firmaet flytte inn i nybygt hus på Fauske. Eit tilbygg stod ferdig i 1975, og samstundes vart forretninga delt i den nye Matbua og Fauske Landhandel. I høgda over Matbua flytte S. H. Kulseth bakeri inn. Matbua og Fauske Landhandel hadde heile tida eit samarbeid.

Vareutvalet var presangartiklar, blad, bøker, steinty, kjøkkenutstyr, manufaktur og tobakk. Firmaet var dessutan kommisjonær for Norsk Tipping AS.

Ragna og Jens Ullavik dreiv bedrifta fram til pensjonsalderen.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.