Feios kulturløype

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Feios kulturløype i Vik kommune vart laga i høve kulturminneåret 2009 og .

Måleri av Tuxen
Foto: Jan Magne Rinde/kilde:foto privat

Løypeinformasjon

  • Antatt tidsforbruk: 2 timar
  • Framkomstmiddel: Til fots
  • Lengde i km: ca 8 km
  • Arrangør: Feios skule og Feios bygdalag
  • Fylke: Sogn og Fjordane
  • Kommune: Vik
  • Namn: Feios skule 8.-10. klasse

Turen startar i Osen, her kan du finne spor etter jektefart og strandsitjarar. Du vel sjølv om du vil gå den gamle stien opp Kleivadn, eller om du vil følgje bilvegen oppover på vestsida av dalen.

Gå forbi tunet på Helland og ta ein stopp ved det gamle skulehuset. Den gamle skulevegen over Riset er desverre i dårleg stand, så difor er det best å ta inn på den nye sambindingsvegen.

På veg nedatt på andre sida av dalen, kan du gjere ein sving oppom gamle idrettsbana og ta turen heim over markene mot Brennene. Frå Brennene tek du stien som går nedover til ungdomshuset som er siste posten i løypa vår.

Ha ein god og minnerik tur!

Astridstova

Astridstova er ei svært gammal tømmerstove og vart truleg bygd på 1700-talet. Stova vert kalla Astridstova etter Astrid Monsdotter Osen (1896-1981). Stova har også vore kalla Havmanns-Gjertrudstova og Barbrastova. I denne stova har det budd folk som vart kalla strandsitjarar.

Astridstova
Foto: Arne Inge Sæbø/kilde:Arne Inge Sæbø

Gravfunn i Kleivadn

Det er funne ei grav i Kleivadn oppe i bakken vest for Feioselvi. I fylje bygdeboka kan det tenkast at det har vore haug eller røys over grava, men no har vegen øydelagt dette. I utgravinga i 1924 fann dei ut at det var ei båtgrav frå yngre jernalder (550-1050 e.Kr). Dei fann båtsaum i ei lengd av 3m.

Bedehuset i Berdal

Bygginga av bedehuset starta i 1930, men det sto ikkje ferdig før i 1941. Huset består av to delar, det opphavlege huset med valma tak og eit seinare påbygg på oppsida. I Sognevarden sto det i 1941 å lesa at det nye bedehuset var plassert på den mest sentrale plassen i bygda.

Hjelsengstova

Hjelsengstova vart bygd på 1800 talet. Her budde Nils og Marta Hjelseng med seks ungar. Huset er omlag 30 kvadratmeter. I kjellaren hadde dei ei kyr og 2-3 sauer. Nils jobba som skomakar. Marta og Nils døydde i 1948.

Sigurd Helland

Sigurd (1921 - 2016) budde på Helland. Han var ein ivrig jeger som har jakta sidan tidleg i barndommen. Han skaut si første rypa då han var 14, og sidan har han skote både hjort, rein, rev og anna småvilt. Han hadde alltid ei god jakthistorie på lur.

Skulehuset på Helleland

Grendaskulen Helleland
Foto: Bjarnhild Samland/kilde: Bjarnhild Samland

Skulehuset vart fyrst bygd i Berdal i 1863. I 1879 vart bygningen flytta til Helleland. Helleland skule var ein todelt skule der dei yngste elevane gjekk på skulen tysdag, torsdag og laurdag, og dei eldste gjekk dei tre andre kvardagane. Lokalet vart etter kvart for lite til å oppfylle krava som skulelova av 1959 medførte. I 1962 var tida som skulehus over, og elevane vart flytta til Feidjane.

Sagbruket i Øyane

Sagbruket i Øyane vart bygd av Johannes Tveit i 1929- 1930. Tømmeret kom frå dalane og vart skore på sirkelsag. Under krigen produserte dei knott som vart nytta til drivstoff. Ved elva stod det og ei mølle og ein slipestein.

Smia på Brennene

Smia på Brennene var den største ljåsmia i Sogn. Den fyrste me kjenner til som brukte smia var Brenne-Jo, Jon S. Dræge. Han var smed på Brennene på 1870-tallet. Gudvin Tveit dreiv smia fram til 1940-tallet. den gamle bygdevegen gjekk opp til Brennene via Sandgota. Deretter frametter Brenneflatane til Hestøyna.

Ungdomshuset

Ungdomshuset vart bygd i 1922, men det stod ikkje heilt ferdig før i 1927. Feios ungdomslag bygde det for at dei skulle ha ein eigen plass å møtast. Ungdomshuset har vorte pussa opp fleire gonger. I 1986 bygde dei på vetlesalen.

Gravrøysa på Børenganeset

Børenganeset sett frå vest
Foto: Jan Magne Rinde/kilde:eige foto

Denne gravrøysa er frå bronsealderen, og er i folkekulturen knytt til soga om Fridtjov den frøkne. Gravrøysa ligg i strandsona på privat område. Andre namn er "Per-haugen" eller "Botolvsneset". Børenganeset var eit viktig navigasjonspunkt for seglfarten på Sognefjorden. Gravrøysa på Børenganeset ligg inne i furuskogen.

Rindestodi

Båt-og badeplass der allemannsretten gjeld
Foto: Jan Magne Rinde/kilde: eige foto

Rindestodi er bukta mellom Børenganeset og Rindesneset. Her gjeld allemannsretten og det er tilgang til strandsona for bading og fiske i fjorden for dei som ynskjer det. Rindestodi er knytt til Feios kyrkje fordi det var her kyrkjebåten frå Borlaug kom, og presteskyssen frå Leikanger la til her frå gammalt. Rindestodi er ein del av Rinde kyrkjestad, og er frå før 1536 og difor automatisk freda.(Norgeskart.no/kartverket) Ligg det føre ein plan i kommunen for vern av kulturminner?