Feios kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Feios kyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde

Feios kyrkje, Feios i Sogn, Vik kommune, er teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Byggmeistaren heitte Johannes Øvsthus og kom frå Hosanger prestegjeldOsterøy. Kyrkja vart bygd i 1866 i staden for den gamle Rinde stavkyrkje som vart riven same året.

Feios kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil. Kyrkja er bygd på Rinde kyrkjestad og er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Gardsnamnet er Rinde der kyrkja står, gardsnummer 160, og kyrkja ligg ved fylkesveg 182. Kyrkjestaden Rinde ligg ved Sognefjorden og er nemnt i kjelder tilbake til 1123, og her ligg Rindestodi som var sentral for kyrkjestaden fordi sjøvegen var viktig. Like i nærleiken, på Børenganeset, er ei gravrøys frå bronsealderen. Rinde kyrkjestad låg under bispesetet på Selja fram til 1170, då vart bispesetet flytta til Bergen.

Historikk

Tårnhanen i Feios kyrkje.
Foto: Jan Magne Rinde

Da stavkyrkja vart riven på nyåret i 1866, byrja straks arbeidet med å byggja den nye kyrkja. Ei ny kyrkjelov vart vedtatt i 1851 og denne lova fekk konsekvensar for mange av stavkyrkjene i Noreg fordi ho gav pålegg om at det skulle vera plass til 3/10 av folketalet i bygdelaget eller soknet (Tschudi-Madsen, 1981) Dette påbodet førte til at gamle kyrkjer måtte utvidast eller byggjast på nytt. Etter denne Kyrkjelova av 1851 var lagnaden til den gamle Rinde stavkyrkje avgjort.

Den 7. september 1858 var det synfaring på den gamle stavkyrkja i Feios. «Besigtigelsesprotokollen» påviser fleire manglar ved kyrkja. Både tårnet og kyrkja er «meget brøstfældigt» og golvet «paa søndre Side, Tid efter Anden, nedsunken og svært heldende. Bindingsværket i det Hele saare svagt». Dette var truleg hovudgrunnen til den vidare prosessen som førte til riving i 1866.

Ein annan grunn var truleg nasjonsbygginga som fann stad utover 1800-talet, innføring av ei ny arkitektonisk stilretning hadde sitt opphav i det såkalla Eisenachdirektivet og hadde utvikla seg frå Preussen og Nord-Tyskland (Bjerkek, 2005). Planleggingsfasen med nytt kyrkjebygg i Feios tok om lag åtte år frå den fyrste synfaringa til kyrkja stod ferdig i desember 1866. I den prosessen kom det til «Menigheden» og «communebestyrelsen» inn teikning med forslag til nytt kyrkjebygg frå bergenskunstnaren Tycho Christoffer Jæger (1819-1889) som på den tida budde i Feios. Men desse teikningane meinte sokneprest Johan D. Haslund hadde store manglar, og han protesterer på det sterkaste mot denne planen. Resultatet av denne prosessen enda med at J.W.Nordan sine teikningar for Feios kyrkje vart nytta (Rinde, 2016).

Dekor

Altertavla i Feios kyrkje.
Foto: Jan Magne Rinde

Interiøret i Feios kyrkje er i hovudsak slik det var da kyrkja var ny i 1866. Altertavla og orgel kom på plass ei tid etterpå. Preikestolen, alter og alterring er uendra frå den tida. Dei gamle benkene vart bytta ut i 1962, og dei noverande benkene kom på plass da. Veggene innvendig, både i kyrkjeskip og kor, er umåla tømmervegger med ein gyllen framtoning etter 150 års elde. Overgangen mellom kyrkjeskipet og koret har kne i kvart takhjørne som ein dekorativ detalj. Fram til 1882 var det ein kross med eit grønt klede bak som pryda alteret. Altertavla Jesus i Getsemane måla av Christen Brun kom då på plass. Motivet er av Otto Mengelberg (1818-1880) som var påverka av den nazarenske retninga. (Bjerkek 2005). Han var ein tysk kunstnar som måla religiøse motiv. C. Brun var utdanna kunstmålar frå Düsseldorf, men arbeidde med å kopiere verk frå andre kunstnarar.

Kyrkja fekk orgel i 1913. Det var levert av Jørgensens Orgelfabrikk i Kristiania. Feios kyrkje har to klokker. Dei vart montert i desember 1984 samtidig med automatisk ringeanlegg. Ei eldre klokke frå 1901 er montert i den nye klokkestopulen ved kyrkjegarden frå 1960-talet. Den klokka er levert av O. Olsen & Søns Klokkestøperi Nauen pr. Tønsberg.

Av eksteriøret finn ein tårnhanen som er gjenbruk frå Rinde stavkyrkje. Denne koparskulpturen er frå 1702-1704, i fylgje B. E. Bendixen sitt upubliserte manus. Ein del av materialbruken i sjølve kyrkjebygget stammar truleg og frå Rinde stavkyrkje.

Kjelder

  • Bjerkek, O.P.(2005): Den preussiske regjerings typetegninger og Eisenach-regulativets påvirkning i Norge omkring 1850 -1862. Vestre Aker kirke.
  • Rinde, J.M. B. (2016) Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Feios sokn. Interface media as. ISBN 978-82-303-3325-9.
  • Tschudi-Madsen, Stephen. (1981) Norges Kunsthistorie. Nasjonal vekst. Bind 5. Oslo: Gyldendals norsk Forlag.

Eksterne lenkjer