Ferkingstad gamle kyrkjegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ferkingstad gamle kyrkjegard.
Foto: Jan-Tore Egge (2018).

Ferkingstad gamle kyrkjegard ligg på garden FerkingstadKarmøy, nokre hundre meter opp frå Ferkingstadhamn. Kyrkja på Ferkingstad er ikkje omtalt i noko bevart dokument frå mellomalderen, men når det finst nemnt prest og kyrkje her i 1563, kan vi trygt gå ut frå at kyrkja skriv seg frå før 1350 (folketapet som følgje av svartedauden og seinare pestepidemiar medførte at kyrkjebygginga stoppa så godt som heilt opp etter 1350). Kyrkjegardsmuren på Ferkingstad var opphavleg om lag rund med ein diameter på kring 45 meter. Han er 1-1,5 meter høg og ca. 1 meter brei. Utvidingar har gitt muren rette vinklar i vest. Det er ingenting i terrenget som tilseier at kyrkjegarden burde vera sirkelforma. Å bruka rund form må derfor ha vore eit val ein tok uavhengig av landskapet.

Runde kyrkjegardar var vanlege i Irland før den engelske invasjonen på 1100-talet. Ein har ut frå dette sett på runde kyrkjegardar i Noreg som mogeleg påverknad frå keltisk kristendom i den tidlege kristne fasen her til lands. Ei nyare gransiking har vist at det truleg fanst fleire runde kyrkjegardar kring i Noreg enn vi hittil har trudd, noko som også har ført til at ein kan stilla spørsmål ved om denne kyrkjegardsforma har med irske impulsar å gjera.

Kyrkjerekneskapa viser at Ferkingstad kyrkje gradvis blei fornya frå 1632. Hovudinnsatsen kom i 1633 og 1634, men arbeidet ser ikkje ut til å ha vore heilt ferdig før i 1650-åra. Folkeveksten på 1800-talet førte til at kyrkja vart for lita. Den nye kyrkja for Ferkingstad sokn blei reist på garden Kvilhaug lengre sør. På Ferkingstad gamle kyrkjegard kan vi framleis sjå forhøgingar etter graver og kyrkjetufta. Ein bautastein står på sørlege del av kyrkjegarden.

Litteratur

  • Brendalsmo, Jan og Frans-Arne Stylegar: Runde kirkegårder. I: Fortidsminneforeningen. Årbok. Nr 157. 2003
  • Fyllingsnes, Frode: Karmøys historie. B. 2: Middelalderen. Karmøy kommune, 2000
  • Fyllingsnes, Frode: Karmøys historie. B. 3: Fra reformasjonen til 1800. Karmøy kommune, 2004