Fet Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fet Møbelfabrikk var ein møbelprodusent på Fet i Velledalen. Det var Norvald og Perry Fet som etablerte verksemda i 1942. Dei byrja då med møbelproduksjon i Bøtelgarden på Dravlaus. Allereie første driftsåret hadde dei sju tilsette, av desse tre kvinner.

I 1947 sette dei opp eige fabrikkbygg ved Fet-brua, og året etter stod seks personar på lønningslista til firmaet. Fabrikkbygget vart sidan utvida til å omfatte to og ein halv etasje. Fet Møbelfabrikk hadde ikkje maskinavdeling, så difor måtte dei ta treverket frå underleverandørar. Første tida var det Peter P. Fet som stod for leveransane, men etter kvart tok Magnar Fet over.

I 1961 gjekk Perry Fet ut av bedrifta for å ofre seg heilt for arbeidet som inspektør for eit symaskinfirma. Norvald to då over fabrikken åleine.

Fet Møbelfabrikk hadde jamn og sikker avsetnad på produksjonen, som var stoppa møblar. Det viste seg i talet på tilsette, som frå om lag 1960 heldt seg stabilt rundt ti. Bedrifta ofra seg mest for den norske marknaden, men litt eksport hadde dei og, spesielt til Japan og land ved Persiabukta.

Son til Norvald Fet, Leif Ole, tok over leiinga av Fet Møbelfabrikk då faren døydde i 1983. I 1986 vart verksemda omdanna til aksjeselskap og fekk namnet Fet Møbler A/S. Produksjonen vart då lagd om, slik at det vart laga eksklusive salongar i ei høgare prisklasse. I 1989 gjekk Fet Møbler A/S konkurs.

I juli 1990 starta Leif Ole Fet opp att Fet Møbelfabrikk. Han konsentrerte seg etter kvart om omtrekking av møblar.

Kjelde