Finnås kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Finnås kommune i Hordaland vart oppretta i 1838 ut frå Finnås prestegjeld.

I 1865 vart Sveio kommune utskild, og Finnås svara då i store trekk til dagens Bømlo kommune med unntak av nokre øyer som vart overført til sistnemnde i 1995. I 1916 vart så Finnås delt i tre: Bømlo, Bremnes og Moster kommunar.

Dei tre kommunane var framleis eitt prestegjeld, som fortsatt hadde namnet Finnås. I 1963 vart dei tre slått saman til storkommunen Bømlo, men prestegjeldet heitte Finnås like til prestegjelda vart nedlagde rundt 2000. Namnet kjem frå prestegarden Finnås i Moster.

Litteratur