Fjellgardstun (Bykle gnr 2/20)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Fjellgardstun
Hovden 49.jpg
Flyfoto av Sissel Bakke frå 2004, funne i kommunearkivet. Fjell- gardstun nærast, attanfor ser ein Urheim (Uleberg-forretninga) og Furumo kafe.
Alt. namn: Moland
Utskilt: 1952
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 2
Bnr: 20
Type: Bustads- og næringseigedom
Dette biletet av den fyrste butikken på Hovdebru vart truleg teke kring 1950. Mannen med hatt er Olav P. Tveiten. Frå Setesdalsmuseet.
Hovden sentrum 1968. Harald Uleberg med Dag Hovden framfor den gamle butikken, som nå hadde blitt posthus.
Foto: Gerd Fosse Hovden

Fjellgardstun er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Moland er namnet på den fremre delen av tomta der Fjellgardstun nå ligg. Tidlegare sto her ein butikkbygning som Knut Tarjeisson og Kjetil Sveinsson Hovden sette opp i 1937. I dette huset var bustadrom i andre høgda. Tone Kjetilsdotter Hovden dreiv butikken her inntil ho og Harald Uleberg, mannen hennes bygde ny forretning på motsett side av vegen i 1951 (sjå Urheim, bnr 23).

Butikken her sette Knut og Kjetil då bort til Tordis Nordaberg, som dreiv for dei det fyrste året ho var her. Etter dette gifte ho seg, og ho og mannen hennes kaupte forretninga. Tordis vaks opp på Edland, som dotter åt Tone og Halvor Nordaberg. Mora heitte Tone Knutsdotter og var fødd Tveiten, og var dermed sonedotter åt Svein Hovden.

Tordis Halvorsdtr. Nordaberg, f 1930

g 1952 m Eivind Haugane, f 1924, d 2004. Born:
  • Otto, f 1951, ing., g m Synnøva Sandstå, busett Edland
  • Heidi, f 1962, IT-konsulent, busett Sandefjord, ug
  • Ragnhild, f 1966, ktr.fullm., g m Olav E. Ringhus, busett Edland

Eivind Haugane var frå Edland og son åt Olav og Ragnhild Haugane. I 1953 selde dei butikken til Knut Torjusson Rygnestad frå Oveinang og kona Sigrid Tallaksdotter, fødd Hoslemo, som på denne tid også hadde butikk på Berdalsbru, men prøva seg på å drive denne i tillegg. Eivind og Tordis flutte attende til Edland. Eivind arbeidde sidan lengste tida i vegstellet, medan Tordis var tilsett i banken på Edland.

Knut og Sigrid hadde butikken her berre eit par år, i 1955 selde dei til Thor Drechsler frå Stavanger. Handelen på Berdalsbru heldt dei fram med til 1960. Me har omtala dei nærare i bolken om den forretninga, gnr 5, bnr 4. Drechsler flutte hit, budde her og dreiv butikken, vesentleg med kioskvare. I 1956 bygde han turisthytta Hovdeheimen (bnr 29) attom butikkbygget. På framsida hadde han bensinstasjon (Caltex).

Thor Drechsler, f 1904, d 1964

g hv m Helene, f 1913, 2004 busett Svolvær. Born:
  • Tore, f 1929, d 1955 i flyulukke
  • Bonnie Helen, f 1937
  • Svein Erik, f 1942, busett Svolvær

Thor kom fyrst til Hovden med det same etter krigen avdi han var lidenskapeleg flugefiskar. Han dreiv på denne tid ein lampefabrikk i Eidanger. I 1955 vart han skild, og då butikken i bnr 20 på denne tid var til sals, kaupte han og flutte hit. Han dreiv butikken og turisthytta til våren 1962, då han selde til Ernst hotell i Kristiansand, og flutte til Bergen, der han døydde eit par år seinare. Eigaren av Ernst hotell heitte Evenbye. Han åtte huset her, og leigde det bort til han selde det i 1972. I åra frå 1968 til 1972 budde Bjørgulv Hovden og kona Gerd Fosse Hovden her.

Dei bygde seg sidan hus på Unheim, bnr 215, og vert nærmare omtala der. Medan dei budde her, var her postkontor i fyrste høgda i huset. Gerd var poststyrar frå 1968. Turisthytta Hovdeheimen brann opp i september same året som ho hadde skift eigar, dette var midt under Kuba-krisa, noko som gjer at folk hugsar tidspunktet godt. Sidan vart dette huset ikkje bygd oppatt. Tomta gjekk seinare inn i bnr 20, og utgjorde ein del av det som vart byggjegrunnen for sentrumsbygget Fjellgardstun.

I 1972 selde Evenby huset og dei to tomtene (bnr 20 og 29) til Morten Henriksen, som dreiv kunsthandverksutsal her nokre år, men budde i Lislestog i Bykle, gnr 14, bnr 39, og vert nærare omtala der. I 1977 selde Henriksen huset og tomta til Vigdis Bachmann (nå Bjørnerud, sjå Setebo bnr 113) og Leif H. Svendsen.

Leif hadde då verkstad for installasjonsfirmaet sitt i halve huset, medan Vigdis hadde kunsthandverksutsal i den andre halvparten. Mot slutten av eigartida si dreiv Vigdis forretninga saman med Ellen Marie Pedersen, syster åt Anna Lise (sjå bnr 437, Belglii 35). I 1982 kaupte Leif Vigdis sin halvpart av eigedomen, og dreiv så installasjonsfirmaet vidare frå same huset til 1989-90, men då sette han opp eit nytt verkstadbygg. Herifrå dreiv han firmaet sitt til 1995. Undervegs hadde han kome til at det måtte gjeva god meining å setje opp eit større sentrumsbygg på tomta her, med rom både for leilighetar og ymse forretningsfyretak. Frå juni 1995 kom byggjeverksemda i gang, og i mars året etter var huset ferdig. Frå nå av var namnet Fjellgardstun.

Då Leif sette i gang med utbyggjinga av sentrumsbygget, overlet han installasjonsfirmaet sitt til sonen, Sven Are, som då bygde eit nytt hus for det, bnr 442, attanfor Hovden varesenter. Leif gjekk inn i firmaet som installatør, men konsentrerte seg nok i tida som fylgde mest om sentrumsbygget. Der har han sidan m.a. fungert som vaktmeister, men i perioden frå våren 1996 til våren 2002 har han også drive restauranten i kjellaren. Sistnemnde heiter Kjeller'n, og drifta der har nå vorte overteke av Rhett Tønnessen (sjå Midbø gnr 1 bnr 17).

Sentrumsbygget er seksjonert i 17 seksjonar. Av desse er 15 leilighetar i andre og tredje høgda. Av desse er 9 selde, medan Leif sjølv har 6 utleigeleilighetar. Ein av seksjonane ligg i fyrste høgda og er i eiga til Fjellgardstun A/S, som leiger ut lokala til ulike forretningstiltak. Leif er eineaksjonær i selskapet. Det me elles veit å fortelje om han er plassert i bolken om bustadhuset hans i Stusslifeltet, Blesterkroken 5, bnr 349.

Me nemnde at 9 av leilighetene i huset er selde. Dei fleste av dei tener som fritidshusvære, medan eit par har gjeve rom for fast busetnad. Men nå veit me berre om ein som bur fast her. Det me har fått vita om han er det fylgjande:

Ronny Langseth.
Foto: Setesdølen

Ronny Langseth, f 1953

g hv m Hill Rognmo, born: sjå bnr 357, Malmvegen 29

Ronny har tidlegare arbeidd ved Skiservice A/S, sidan ved Hovden badeland. Forretningsdelen av huset vert for tida (2006), forutan restauranten i kjellaren, nytta til sportsforretning, frisør, byggmeisterkontor, ei forretning med suvernirar og møblar, reiselivsverksemda Hovden Ferie og ei fotoforrening. I perioden frå 1996 til 2001 var her postkontor, og i same tidbolken var her ei forretning med gåve- og interiørartiklar, som heitte Tinghuset.


0941 Bykle komm.png Fjellgardstun (Bykle gnr 2/20) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hovden fjellstove • Neste bolk: Haugly gjesteheim