Fjellsamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

«Fjellsame besøkjer sjøsamar». Tresnitt av John Savio.

Fjellsamar, tidligare òg kalla fjellfinn(ar) eller fjellappar, er samar som held til på høgfjell og vidder enten heile året eller deler av det. Næringsvegen blant fjellsamar er tradisjonelt reindrift, gjerne i ekstensiv form — relativt mange dyr per familie og med vekt på kjøttproduksjon heller enn meir arbeidsintensiv mjølkeproduksjon. Fjellsamane i fjella mellom norske og svenske område har i periodar måtta betalt skatt til både Noreg og Sverige. I det minste i nyare tid er inndelinga i sjøsamar, fjellsamar og skogssamar på mange vis språklig og kulturelt mindre viktig enn inndelinga i grupper etter språk. Såleis finst det fjellsamar som språklig og kulturelt er i alle fall nordsamiske, lulesamiske, pitesamiske og sørsamiske.

Sjå òg