Flatemo (Bykle gnr 2/32)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flatemo
Alt. namn: «Hjå Knut Dalen»
Utskilt: 1958
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 32
Type: Bustad- og næringseigedom

Flatemo, lokalt kjend som «Hjå Knut Dalen», var ein eigedom i Hovden sentrum, som låg litt ovanfor Fjellgardstun. Det var Knut O. Vatnedalen og kona, Gyro O. Løyland, som sette seg opp hus her i 1958 etter å ha festa tomta hjå Harald Uleberg same året. Det lyt takast med at dei i tillegg til bustadhuset også hadde ein uthusbygning, der dei hadde sauer om vinteren. Beite og slåttemark leigde dei seg.

Knut var frå Systog Dalen, gnr 6, bnr 18, og son åt Olav Olavsson Åsen og kona Ingrid Sjursdotter, fødd Vatnedalen.

Knut O. Vatnedalen, f 1915, d 1991

g 1958 m e Gyro O. Løyland, f 1915, d 2006, ikkje born .

Gyro var frå Lisle-Hisdal, gnr 20, bnr 1, og dotter åt Olav Mikkelsson Hisdal og kona, Borghild Olavsdotter, fødd Trydal. Då ho gifte seg med Knut O. Vatnedalen, var ho enke etter Knut Øyulvsson Løyland på bnr 10-12 i Løyland (sjå Valle VI, 138), og hadde 4 born i det ekteskapet. Eldste son hennes heitte Øyvind. Han budde på Hovden og er omtala i bolken om Fjellhaug, bnr 186. Gyro dreiv kafe i huset her ei tid, og sidan var her posthus nokre år.

I 1989 kaupte Bykle kommune huset og overtok festekontrakta på tomta. Sidan vart huset rive. Etter dette budde Gyro i ein kommunal eldrebustad på Hovden inntil ho flutte på Heimen i Bykle. Ho døydde der våren 2006.

Knut O. Vatnedalen på eit passbilete som Jon O. Løyland tok i 1940. Dette fotografiet kjem frå Setesdalsmuseet.
Foto: Jon O. Løyland
Gyro O. Vatnedalen ved rokken i stoga si ein gong i 1970-åra.
Foto: Gerd Fosse Hovden


0941 Bykle komm.png Flatemo (Bykle gnr 2/32) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjørkelund • Neste bolk: Fjellheim