Flesje (Sula)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Flesje er nokre avfolka gardar og del av eit større kulturlandskap som ligg vest forbi Langevåg i Sula kommune i Møre og Romsdal. I området er det hustufter frå 1700-talet, men og med restar etter murar frå jernalderen. Ut frå talet på alle hustuftene, saman med storleiken på innmarka, tyder det på at var gode tilhøve for busetnad på Flesje.

Namnet Flesje kjem av flesjar, som er fleirtal av ordet fles, det vil seia skjer eller flu og siktar til eit skjeret utanfor neset der garden låg.

Flesje I

Ein av gardane låg nær sjøen og like ved ein bekk, i godt le bak ein høgd i terrenget. Tuftemurane frå 1700-talet er lett synlege. Like ved kan en sjå nokre låge veggvollar som truleg stammar frå jernalderen. Nede ved stranda finnes fleire båtopptrekk.

I 1658 hadde ein av bondane 12 kyr, 1 okse, 1 hest og mange sauer og geiter. Rundt 1780 vart garden fråflytta, noko som kan ha samanheng med dårleg fiske. Tilgang på fisk var naudsynt for å overleve. Etter fråflyttinga vart området nytta til seterdrift.

Flesje II

Nokre hustufter og gravrøyser frå folkevandringstida ligg på den gamle sjøbotnen eller terassen mellom Flesje og Kalvestad.

Ei lita tuft vart utgraven i 1924 av Johs. Bøe. Det vart gjort funn av rav, asbest og skår av knuste leirkar, som kan skrive seg frå eldre jernalder. Asbest brukast som bindemiddel i leirkar. Ettersom det ikkje finnes naturleg på Sula har blitt frakta til staden. I folkevandringstida gravla dei som budde der sine døde i små gravhaugar, ikkje langt frå hustufta. Tilsaman finns det 4 gravrøyser.

Kulturminneløypa

Flesje er eit av stoppa på kulturminneløypa i kulturlandskapet Kjellingset-Flesje-Kalvestad. Kulturminneløypa inngår som del av Kulturminneåret 2009. Ho er skilta og startar ytst på Sula, på parkeringsplassen på Kjellingset/Æhammaren. Området har mange fornminne. Langs strandlina ligg fleire hustufter og gravrøyser. Dei eldste tuftene er frå eldre jernalder. Kulturlandskapet vert holdt i hevd av omlag 300 utegangarsau.