Folkehøgskolen på Gislevoll (Ullensaker)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkehøgskolen på Gislevoll i Hovin sokn i Ullensaker var den fyrste av fleire frilynte folkehøgskolar på Romerike. Den var i verksemd i åra 1869 til 1872. Grunnleggjar og den drivande kraft var cand.theol. Ingvar Bøhn, som var fødd og oppvaksen i bygda. Året før hadde han vore lærar ved Christopher Bruuns folkehøgskole på Romundgard i Sel. Skolen på Gislevoll var blant dei aller fyrste folkehøgskolane som vart starta i Noreg.

Teologen Jahn Müller var ein nær medarbeidar heilt frå byrjinga. Han hadde vore personellkapellan hjå sokneprest Hartmann i tida 1854-1867. Som lærarar elles i dei tre åra skolen var i gang, kan nemnast student Nicolai J. Sørensen (seinare statsrevisor), O.K.Kuløy, Maren Hertel og lærarane Knut Gundersen og Kristian Lyssand ved høvesvisk Åstad skole og Låke skole i Ullensaker. Også ein Nergaard er nemnd (Kiær 1921). Kuløy og Sørensen var faste lærarar (etter tur), i tillegg til Bøhn og Müller. Dei andre underviste på timebasis. Brukaren på storgarden som skulen leigde rom på, agronom Chr. Kjos, var sjølv interessert i skolearbeidet, og gav noko undervisning i landbruksfag. Elles vart det undervist historie oglitteraturhistorie, grammatik og stilskriving, fysikk, geografi, skriving, lesing og song.

Undervisninga var lagt opp som kurs, seks-sju månader om vinteren, tre-fire i sommarhaløvåret. Fyrste kurset opna den 15. oktober 1869. Vinterkursa var for gutar, sommarkursa for jenter. Jentene fekk den same undervisninga som gutane, med unntak av litteraturhistorie og naturkunnskap. I staden hadde dei handarbeid ved Maren Hertel.

Fullt utbytte av undervisninga var basert på to gjennomførde vinterkurs, men det var høve til å gå berre det eine. Skolen var finansiert fullt og heilt på privat basis. Elevane betalte 2 spesidalar (8 kroner) i månaden i skolepengar. Bøhn hadde lærarane i kosten. Ein del av elevane budde på garden, men dei fleste av dei kom frå bygda og kunne bu heime. Somme leigde seg også inn på gardane i nabolaget.

Skolepengane rakk ikkje langt nok til å dekkje driftsutgiftene, og Bøhn måtte ta av eigne midlar. Dette gjekk ikkje i lengda, og den dårlege økonomien var hovudgrunnen til at skolen vart lagt ned etter tre år. I bygdeboka (Aage Lunde 1988) er det også nemnt politisk og religiøs motstand i bygda som ein grunn til at det vart vanskeleg å halde fram, utan at dette er nærare utdjupa.

Kjelder og litteratur

  • Kiær, A.Th.: Akershus amt 1814-1914. Kristiania 1921.
  • Lunde, Aage: Ullensaker 1840-1940. Ullensaker 1988.
  • Ullensaker. En bygdebok. Bd. I. Utg. av en komite ved H.Nesten. Jessheim 1927.
  • Vikne, Kr.: «Ingvar Bøhn. Den første folkehøgskolestyrer på Romerike», i Romerikstun. Årbok 1964 for Romerike Historielag.
  • Østerud, Erling: «Folkehøgskolen på Romerike 100 år 1859 [trykkfeil for 1869, wiki-merknad]-15/10-1969», i Romerikstun. Årbok 1970 for Romerike Historielag.