Folkestadbyen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Folkestadbyen og jordbrukslandskapet rundt. Foto: Bjørn Østrem
Folkestadbyen kring 1930.

Folkestadbyen ligg sentralt i Fyresdal kommune. Dette er ei samling hus som ber preg av ein hageby og vart bygd opp etter år 1870 stort sett av handverkarar. Når folk i sentrale delar av Fyresdal skal burt i sentrum i ein forretning eller eit anna ærend, seier dei enno at ein skal ein tur burt i «byen».

Om Folkestadbyen skriv arkitektfirmaet Snøhetta:

Folkestadbyen har ein sjølvgrodd typologi, der mest alle bygningane er av same storleik. At byen er sjølvgrodd tyder at han ikkje er planlagt etter lineære aksar eller rutenett. Tettstaden har vakse fram etter som folk har flytt til. Dei kom flyttande til Folkestadbyen frå gardane og grendene i bygda. Dei tok med seg husa sine, sette opp uthus og laga ein hage rundt. Dei ordna seg langsetter vegane så tett at vegane blei kalla gater. Denne strukturen av ein hageby har Folkestadbyen ennå. Og det er dette som gjer at han er særskild samanlikna med andre bygder; Det er godt med plass rundt og elles i bygda og dalføret, men i Folkestadbyen er det intimt og tett mellom husa.

Tidleg historie

Kart over Folkestadbyen (2016).
Foto: Tilman Hartenstein / Vest-Telemark Museum.

Bendik Taraldlien skriv:

Fyrst blei plassen Snippen bygd på prestegarden sin grunn. Så tok Knut Larsson til å bygge seg stove og uthus. Dette blei kalla Folkestad, og etter det heve no byen navne sitt.

Det var frå 1870-åra at bygginga tok fatt. Det var stort sett handverkarar som busette seg der. Det kunne vere skomakar, skreddar og salmakar som ofte arbeidde utover kveldane, og han som var sagmeister om dagen var skomakar om kvelden. Her var og smed og hovslagar. I dei større bygningane var det vanleg at det budde både to og tre familiar. Her var butikkar og fleire hotell, meieri og badstove, bakeri og frisør, her vart arbeidd med stamping og farging av tøy og her var sagbruk. Her budde snikkarar og folk med tilsvarande yrker. I eit hus budde drosjeeigar, i eit anna var det telefonsentral. Postkøyrar var her og. Eit bedehus, Betel, var sentralt, likeeins eit ungdomshus, Ånerud.

I Folkestadbyen levde dei fleste såleis av å produsere tenester for andre. I 1906 var der 34 bygningar som det budde folk i, og tilhøyrande uthus, i alt 75 taktekte hus og om lag 140 menneske. Bendik Taraldlien skriv at det då var 3 handelsbuer, 2 bakeri, 1 fargeri, 2 smier, 1 badstove, 1 meieri, 1 sagbruk og mølle, 2 skreddarrom, 1 bank, 1 bedehus, 1 ungdomshus, 1 safteri, 1 urmakar og 1 blekkslagarverkstad m. m.

Av «gater» er det tre stykke og dei dannar ein trekant. Basis er den gamle hovudvegen som går mellom Øyskogen og «byen» hovudsakleg i retning nord – syd. Ut mot denne ligg eigedomen Folkestad som har gjeve staden namn. Ut frå denne går to gater i retning vest og dei møtest i ein spiss. I den eine budde han som var skipper på D/S Fyresdølen og denne har difor frå gamalt av hatt namnet Skippergata. I den andre budde lensmannen og denne har likeeins frå gamalt av hatt namnet Lensmannsgata. I nord og syd var det store jorder som låg heilt inn til ein vel avgrensa busetnad.

Folkestadbyen vart etter kvart bygd nær ved gravfeltet i Øyskogen, sjå kart, men trass i utbygging har dette ført med seg relativt lite påverknad av gravhaugane. Sjå arealplankartet.

Tettstadprisen 2002

Tettstadprisen 2002.jpg

I 2002 fekk Fyresdal kommune Tettstadprisen for Telemark fylke. Prisen vart gjeve kommunen for sitt arbeid med utviklinga av Folkestadbyen til eit triveleg og tydeleg sentrum i kommunen. I tillegg til sjølve prisen vart det sett av ein sum på kr. 250.000,-. Summen er øyremerka utvikling av offentlege møtestader og kunstnarisk utsmykking, som er eit tiltak for å styrke staden sin identitet og kvaliteten på sosiale og kulturelle møteplassar. Arkitektfirmaet Snøhetta A/S ved landskapsarkitekt Ragnhild Momrak laga februar 2003 eit dokument med framtidige planar for Folkestadbyen og omgjevnad, dette på oppdrag av Fyresdal kommune. Diverse tiltak skal styrke staden sin identitet og delprosjekt kan bli utførde etter kvart.

Folkestadbyen i 2011

Folkestadbyen grensar i vest mot Øyskogen med Fyresdal Bygdemuseum og dette har i 2011 to eigedomar i området, det gamle bakeriet (3 på kartet) og Øystad (1 på kartet) som er eit bustadhus med uthus med fjøs og stall samt stabbur og do omgjeve av ein tradisjonell hage. Dei fleste husa i Folkestadbyen er no berre bustadhus, og staden vert godt hegna om.

Det vert arbeidd med å setje namn på vegar i kommunen og det er då eit framlegg om å kalle vegen mellom Folkestadbyen og Øyskogen for Folkestadgata etter eigedomen Folkestad som grensar ut mot denne, og som er opphav til namnet på tettstaden. Dette var tidlegare gjennomgangsvegen i kommunen. (I 2019 heiter denne vegen Folkestadgata.)

Langs denne hovudgata, og i nærleiken, er det fleire forretningar av ulik slag. Der er bygdemuseum, handverksutsal, keramikar, turistinformasjon, frisør, kafé, vertshus, NAV kontor, lensmannskontor, eit bakeri som for tida ikkje er i drift, fotterapeut og bank.

Av dei 11 ulike framlegg til tiltak som er gjort i Snøhetta sin plan er av mange ulike grunnar lite gjenomførd til no.

Fotografi frå Folkestadbyen

Kjelder og litteratur

  • Bendik Taraldlien. Fyresdal Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Bjercke, Kari Benedikte: Desimering av fornminner. Gjennom et halvt århundre. En komparativ analyse med materiale fra Telemark. (Skien og Fyresdal.) Hovedfagsoppgave, universitetet i Oslo. Våren 2001. 129 s.
  • Folkestadbyen. Nye møtestader. Idéforslag. Snøhetta 2003.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Moland Kulturminneløype. Papirutgåve 2009
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.
  • Folkestadbyen i Moland Kulturminneløype