Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Arkiv»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
D.N.T. annonserte om_Landslotteriet 1977 i Menneskevennen nr. 5 1977.
NEG S37 Å skrape lodd er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1999 med tittel Å skrape lodd. Utsendar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.   Les mer …

Motiv fra Storgata på Lillehammer, med OL-ringene fra 1994.
Foto: Elin Olsen
(2014)
NEG S26 Olympiske leker/Paralympics er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1994 med tittel Olympiske leker/Paralympics. Utsendarar var Anne Moestue og Eli Irene Johnsen Chang og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.   Les mer …

Desse medlemane av Malm Fråhaldslag fekk Klostermedaljen i 1952.
Foto: Ukjent
(1952)
NEG 238 Klubber og foreninger er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2011 med tittel Klubber og foreninger. Utsendar var Audun Kjus.   Les mer …

Folke Nesland har fanga ein «skarrhane»- fjellrjupe - i 1969. Trykt i Setesdal og setesdølar (2017).
NEG 84 Fangst er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1961 med tittel Fangst. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Norsk skogbruksmuseum. Denne spørjelista har samanheng med NEG 83 Jakt og NEG 85 Tradisjoner, tro og segner omkring jeger og jaktdyr frå 1961.   Les mer …

Veslebrunens stall i Damstredet 1, Oslo.
Foto: Halvor Vreim
(1960)
NEG 33 Stallen er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1951 med tittel Stallen. Utsend var Hilmar Stigum.   Les mer …

Oppskrifta til Friarferdi til Gjøtland, ein mellomalderballade nedskriven i 1612 på Sunnmøre.
Foto: Norsk folkeminnesamling Orig. ms. NFS S. Bugge r, 24-25
NEG 180 Sang i hverdag og fest er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1999 med tittel Tanker om framtiden. Utsendarar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og Velle Espeland ved Norsk Visearkiv.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar