Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Forside:Askvoll kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sogn • Sunnfjord • Nordfjord
Jølster • Førde • Gaular • Fjaler • Askvoll • Naustdal • Flora • Bremanger

Om Askvoll kommune
1428 Askvoll komm.png
Askvoll kommune ligg i Sogn og Fjordane, og grensar til Flora og Naustdal i nord, Førde og Gaular i aust og Fjaler i sør. Kommunen har namn etter administrasjonssenteret Askvoll, som er einaste tettstad.

I fastlandsdelen av kommunen er jordbrukt ein viktig næringsveg, med vekt på mjølkeproduksjon og sauehold. På øyane er kystfisket viktig. Ein finn óg ein del industri, og det har vore vekst i turistnæringa.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Elias Melvær

Elias Melvær (fødd 1. mai 1848 i Askvoll, død 21. september 1924 i Bergen) var lærar, politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. Melvær var son av gardbrukar og fiskar Abraham Wilhelmson Melvær og Anne Arnesdotter Einen. Han voks opp på garden MelværBulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane. Melvær gjekk Stord seminar og tok eksamen 1869. Same året vart han lærar i Kjølsdalen i Davik (no Eid kommune) i Nordfjord, og etter to år fekk han i 1871 ein lærarpost i Grimelid i Askvoll. Her var han i tre år før han 1874-76 var allmugeskulelærar i Florø.

I 1876 vart Melvær tilsett som lærar på den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen. Han følgde med amtsskulen då han flytte til Innvik i 1886 og vidare til Florø i 1892. Etter 24 år som andrelærar slutta han då skulen flytte til Nordfjordeid i 1900.   Les mer …

MB «Rolf» blir sjøsett på våren
MB «Rolf» SF 220 A eller «Uragavlen», frå 1952 «Rolf» M 10 VA eller «Gråmerra». Den har desse opplysingane i Statens Fiskeriregister, Sogn og Fjordane, Askvoll 1932: Må = Motorbåt, åpen. Kf = Kystfiske. T = tre. 31 = Byggeår 1931. Lengd 39,3 fot, breidd 12.2 fot, djupte 5,3 fot. «Rolf» er i den handskrivne utgåva av fiskeriregisteret i Askvoll kommune innskriven som «hekksbygget dekksbåt», altså ein kutter. Det har sikkert vore rett i utgangspunktet, då den var under bygging som kutter i Hardanger i 1931. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt som Må = Motorbåt, åpen. Det tyder ikkje dekka, at der ikkje er dekk i heile båten. «Rolf» hadde dekk på fremste halvdel. På dekk var rorhus med bysse i bakkant og lugarkappe midt på dekk framom rorhuset. Motoren hadde plassering under rorhuset. «Rolf» hadde ein kraftig stamn og ein stor «svinerygg» som fungerte som rekke på fremste del av båten. Bak hadde båten «rull» i «dokker» driven av spakar, slik det var vanleg då båten vart bygd. Nota låg midt i og der var halvmeter breide gangvegar på begge sider. Dette var ein vanleg konstruksjon for «notgavlar» utover til 1940. Seinare vart det lagt dekk i dei største båtane.   Les mer …

Dette bilde av «Sigfred» er teke frå kaia på Vik. I bakgrunnen ser ein garden Hunneset
.

MB «Sigfred» N-20-BR, var bygd i 1948 ved L/L Vik Båtbyggeri. Registrerings bokstavane fortel at båten er registrert i Nordland fylke, og i Brønnøy fiskeridistrikt i Sør- Helgeland. «Sigfred» var truleg den fyste båten over femti fot som var bygd på Vik. Spesifikasjonar frå fiskeriregisteret er på båtlista for Vik. Båten var bygd for Arne Iversen, Brønnøysund, og vart overlevert 1 eller 2 mars 1949.

Båten var som alle kravellbygde båtane på 1940, 50 og 60 talet bygd på doblingspant. I artikelen om doblingspant vert begrepet forklart. Båten hadde to køyer i kahytta og seks køyer i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og keising var i stål. Byssa var i akterkant av keising. I akterkant rorhus var ein liten bestikklugar med kartbord. Oppgang frå keisinga til rorhuset var under kartbordet. Elles alle instrument som var vanleg den tida. Instrument vert elles skifta og fornya etter kvart som forbetringane dukkar opp, og det elles er formålstenleg.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Askvoll kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Askvoll kommune
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy