Bli med på dugnaden med å koordinatfeste artikler og bilder på Lokalhistoriewiki!

Forside:Etne kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Voss • Hardanger
Etne • Sveio • Bømlo • Stord • Fitjar • Tysnes • Kvinnherad

Om Etne kommune
1211 Etne komm.png
Etne kommune ligg i Hordaland, og grensar til Kvinnherad, Odda, Sauda, Suldal og Vindafjord. Administrasjonssenteret er Etnesjøen.

Etne er ein jordbrukskommune, med størst jorbruks- og åkerareal av kommunane i Sunnhordland og allsidig husdyrbruk. I industrien finn ein mest verkstadindustri.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.
Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpoltikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986.Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.   Les mer …

Torkjell Naterstad (fødd den 20. januar 1898 i Kvinnherad, død 1990) var lærar, lokalpolitikar og organisasjonsmann. Han la mykje arbeid i fråhaldsrørsla og kristeleg arbeid, og ivra for målsaka.

Foreldra var gardbrukarparet Åsmund Halvardson Haugstøl (1860-1944) og Anne Oline Jensdotter fødd Seglem (1864-1946). Dei fekk i 1889 skøyte på garden Håbakka (bnr. 6 under gardsnummer 94 Naterstad), der Torkjell og syskena voks opp. Syskenflokken bestod av fem gutar og tre jenter, fødde i tidsrommet 1892-1908.

Torkjell Naterstad gifta seg i 1931 med Andrea Torp, dotter av Johan Rasmussen og og Verdine Elisabet Andreassen Torp. Dei fekk to søner og to døtrer.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Etne kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Etne kommune
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy