Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Forside:Fedje kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Voss • Hardanger
Fedje • Austrheim • Radøy • Meland • Lindås • Osterøy • Vaksdal • Modalen • Masfjorden

Om Fedje kommune
1265 Fedje komm.png
Fedje kommune ligg i Hordaland, og grensar til Gulen i nord, Austrheim og Radøy i aust og Øygarden i sør. Kommenen vart oppretta i 1947, då øya Fedje og 124 mindre øyer og holmar vart utskilde frå Austrheim kommune. Administrasjonssenteret er tettstaden Fedje.

Fiske er ein viktig næringsveg i Fedje. Industrien i kommunen er i stor grad knytta til fisket, med fiskeforedling og mekanisk verkstad. Turisme har óg vorte ein viktig inntektskjelde.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik

MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.

Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kaising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kaisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kaising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ.   Les mer …

Nordsjøløypa («vandringsvegar i kulturlandskapet») i Hordaland er eit nettverk av merkte turstigar i kystkommunane Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, Sund, Fjell, Øygarden og Fedje. Kommunane Sund, Fjell og Øygarden har i tillegg sett i gang prosjektet Perler i Nordsjøløypa, som har fokus på verdiskaping, kulturminne og kunst langs Nordsjøløypa.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Fedje kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Fedje kommune
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy