Wikiens artikkel nr 25 000, om Bølerlia, ble lagt inn i påsken av Stig Rune Pedersen. Vi gratulerer så mye! :)

Forside:Fjell kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Voss • Hardanger
Samnanger • Fusa • Os • Austevoll • Sund • Fjell • Bergen • Askøy • Øygarden

Om Fjell kommune
1246 Fjell komm.png
Fjell kommune er ein øykommune i Midthordland. Ein stor del av arealet ligg på nordre delen av øya Sotra. (På den søre delen ligg Sund kommune.) Mellom andre øyar i Fjell kommune kan nemnast Litlesotra, Bildøyna, Bjorøyna, Geitanger, Algrøyna og Lokøyna. I 1989 vart kommunesenteret flytta frå Fjell på Sotra til Straume på Litlesotra. Før 1964 var Fjell kommune identisk med det gamle Fjell sokn. Dette året vart i gardane Misje og Turøyna lagt til kommunen (høyrde tidlegare til Herdla kommune). Fram til 1800-talet var Fjell eitt av fire sokn i Sund prestegjeld. Dei andre sokna var Sund, Møkster og Austevoll.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Ole Strømme var lærar og kyrkjesongar. Han var den første ordføraren i Austevoll, og hadde dette vervet i 15 år. For dette og anna arbeid vart han tildelt Kongens fortenestmedalje.

Ole Strømme (fødd i Fjell 12. juni 1856, død i Austevoll 14. april 1940) var lærar og klokkar i Møkster soknekommune og ordførar i Austevoll kommune.

Strømme voks opp på garden Straume i Fjell kommune i Hordaland. Før han vinteren 1875 las privat med presten i kommunen, Joh. V.d. Lippe, var han fiskar og gardsarbeidar. Same året vart han teken opp på Stord Seminarium der han tok lærarprøva i 1877. Han var i kort tid huslærar hos ein mølleeigar i Fjell før han i 1878 vart tilsett i to skulekrinsar i Møkster soknekommune der han vekselvis underviste to veker ved kvar skule. Her var han lærar i 45 år.   Les mer …

Fjell kystlags logo
Fjell kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN og har over 25 års aktivt arbeid for vern av den gamle kystkulturen bak seg. Fjell kystlag har teke vare på og restaurert tradisjonsrike bruksbåtar og naustmiljø. Laget vart starta 23. mars 1983 av ein flokk idealistar som såg verdien av den gamle kystkulturen vår, som den gongen var i raskt forfall. I dag disponerar dei ca. 110 medlemene eit representativt utval av gamle båtar og tre bygningar med lokalhistorisk sus...   Les mer …

Johan Christian Walhammer Juuhl (født på Brattholmen i Fjell kommune 27. mai 1866, død i Bergen 15. juli 1947). Som vaksen budde han i Bergen, og arbeidde som journalist og forfattar. I dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att. Slekta til Johan C. W. Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotra i Fjell kommune. Oldefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrvika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet.   Les mer …

Nordsjøløypa («vandringsvegar i kulturlandskapet») i Hordaland er eit nettverk av merkte turstigar i kystkommunane Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, Sund, Fjell, Øygarden og Fedje. Kommunane Sund, Fjell og Øygarden har i tillegg sett i gang prosjektet Perler i Nordsjøløypa, som har fokus på verdiskaping, kulturminne og kunst langs Nordsjøløypa.   Les mer …

Havstrilen (Kulturhistorisk årbok for Sund, Fjell og Øygarden) vert gjeven ut av Nordsjøfartmuseet (i Sund kommune), Kystmuseet i Øygarden, Fjell kulturminnelag, Sund sogelag og Øygarden sogelag. Havstrilen kom første gongen ut i 2001.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Fjell kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Fjell kommune
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy