Joronn Housken (fødd 2. november 1917 i Stavanger, død 4. desember 1993 same stad) [1] var filolog og lektor ved Stavanger katedralskole.Housken var filologistudent då ho blei arrestert 9. november 1943. 4. november deltok ho på eit illegalt møte i Stavanger, der mellom anna motstandskvinnene Helga Stene og Aasta Stene var tilstades. Dei var omtrent ti personar på møtet, og etter møtet blei ein av deltakarane tatt av Gestapo og torturert. For å ikkje røpa viktigare ting fortalte han om møtet. Dei fleste som hadde vore på møtet blei arresterte, blant dei Housken.Ho blei overført frå Stavanger til Grini, der ho kom 1. desember 1943. 6. juli 1944 sendte dei Housken vidare til konsentrasjonsleiren Ravensbrück nord for Berlin, der ho fekk fangenummeret 45623. Seinare hamna ho i utekommandoen Altenburg under Buchenwald, ein konsentrasjonsleir i nærleiken av Weimar, der dei hadde mangel på arbeidskraft. Fangar frå andre leire, som Ravensbrück, blei sende dit, og Housken arbeida med produksjon av ammunisjon på våpenfabrikken Hugo Schneider AG. Les mer …
Foto: Britt Kjellesvik Rage
Kristnebleie var ein mykje brukt dåpsskikk på Vestlandet med å leggja ein brodert duk over brystet på dåpsbarnet når ein heldt det fram til døypefonten. Kristnebleien var dekorert med forskjellige symbol som skulle halda vonde maktar ute. Det er ei smal, avstiva smekke utan knyteband, som berre var meint å leggja oppå barnet, frå halsen til føtene. Smekken var utbreidd særleg på Vestlandet, frå Vest-Agder og langs kysten til Sogn og Fjordane. Det finst også nokre få døme på dåpssmekker frå Telemark og Aust-Agder, men desse er av ein mindre type. Brystduken har gått under forskjellige namn og har gjerne hatt ein ulik form, alt etter dei ulike landsdelane. På Vestlandet har ein gjerne nytta omgrepet «kristnaduk», mens ein i Agder har brukt termen «smykke». Men som oftast har ein kalla denne brystduken for «bleie» eller «kristnebleie», truleg eit namn som har vorte overført frå ein tidlegare type plagg, det kvite dåpslakenet som vart kalla bløye eller bleie. Kristnebleien må difor vera av yngre type enn dåpslakenet. Les mer …
Faksimile fra Aftenposten 8. juli 1907: Utsnitt av nekrolog over Sophus Bugge på forsiden.
Elseus Sophus Bugge (født 5. januar 1833 i Larvik, død 8. juli 1907 på Tynset) var språkprofessor. Han var blant sin tids fremste filologer og lingvister, og han arbeidet også med folkloristiske emner. Sophus Bugge vokste opp i daværende Storgata 12 (dagens Kirkestredet 6) i Larvik, som sønn av trelasthandler Alexander Bugge (1790-1854) og Maren Kirstine Sartz (1798–1836), og ble gift i 1869 i Kristiania med Karen Sophie Schreiner (1835-1897). Han var far til professor Alexander Bugge (1870-1929) og bokillustratør og kunstmaler Johanna Bugge Berge (1874-1961). Les mer …
|