Forside:Folkemusikk på Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Folkemusikk på Nordmøre
Samling kring bordet på hotellet på Skei: Vi ser bl.a. felespelmannen John Røen (med svart vest; Stangvik), polsdansarane Ragna og Anders Ansnes (med nordmørsbunad; Todalen) og visesongaren Kolbjørn Botten (i blågrønn blazer; Valsøyfjord).
Foto: Olve Utne
(1996)

Folkemusikken på Nordmøre heng naturleg nok i hop med folkemusikken i nabodistrikta. På Nordre Nordmøre så vel som Tingvoll og i Surnadalen og Rindalen var nok sambandet sterkast mot Trøndelag. Sunndalen står i ei mellomstilling mellom Oppdal, Nord-Gudbrandsdalen og Romsdal. Søndre Nordmøre har ein del drag i retning Romsdal. Folkemusikken i området står òg i nær samanheng med det generelle musikklivet på Nordmøre, inkludert den klassiske musikken. I tillegg til vokalmusikken har det tradisjonelt vore mykje bruk av tyskfɛ'l (flatfele), kḷanét (klarinett) og trommo (trommer), og frå 1800-talet av, zither, trekkspel, gitar og andre instrument det var greitt å få tak i. Typiske dansar inkluderer pols/springar og halling, så vel som bruramasj til prosesjonar. Det meir gammaldansprega repertoaret inkluderer rilender (reinlender), masjurka (mazurka), vals, hoppvals (polka), pariser (parisarpolka) m.m. Blant dei mest kjente folkemusikarane kan nemnast felespelarane Gottfred Hans Fabian von Eppingen, Halvor Ørsal, Holger Aresvik, Erik Almhjell og Nils Bakke; og songaren Magnhild Havdal Almhjell.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Hans Romundset (1904-1992) var ein skreddar og spelemann frå garden Romundset («Hansgarden») på Skarsøya i Aure kommuneNordmøre. Han var son av gardbrukar Hans Knutsen Romundset (f. 1873) og Elen Olsdatter (f. 1876)Hans byrja med felespel då han var i 10-14 års alderen. Ein viktig læremeister i denne tida var den eldre broren, Ola. Men for det meste var Hans sjølvlærd i felespeling. Hans og Ola spela mykje i lag, både privat og offentleg. Ofte var også systra Oline med på gitar. Hans fekk si eiga fele då han var 14-15 år gamal. Denne fela brukte han omtrent heile livet igjennom. Hans var særs aktiv som spelemann i 1930-åra og fram til han gifta seg med Ingrid Johansen frå Vesterålen i 1943. Då Hans var 23-24 år byrja han som skreddarlærling hjå Halvard Husby i Foldfjorden.   Les mer …

Gravsteinen over Ingvar Hestnes på kyrkjegarden ved Valsøyfjord kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2015)
Ingvar Hestnes (19041990) var ein spelemann frå Valsøyfjord i Halsa kommuneNordmøre. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 av foreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da Ingvar var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt honom gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.   Les mer …

Nils Bakke ca. 1915-1920.
Nils Bakke (18871969) var ein felespelar av romanifolket og ein av dei viktigaste tradisjonsberarane av folkemusikken på Nordmøre kring midten av 1900-talet. Nils Gulbrand Forselius Fredriksen Bakke vart fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag den 10. januar 1887 av Anne Kathrine Gulbrandsdatter Sundli Bakke og Kristian Fredrik Benjaminsen Forselius Bakke. Nils var god ven med Erik Almhjell og Magnhild Havdal Almhjell og spela mykje saman med Erik og med Hallvard Ørsal. Utanom musikken arbeidde Nils Bakke blant anna på Løkken verk og ved Gideon Motorfabrikk i Molde. I sine seinare år budde Nils på Innlandet i Kristiansund. NRK gjorde nokre få lydopptak av Nils Bakke, deriblant ein halling og ein springar.   Les mer …

Gravstein over Holger J. Aresvik og kona, Beret Aresvik, f. Fugelvåg på kyrkjegarden ved Otnes kyrkje i Valsøyfjorden.
Foto: Olve Utne
Holger Aresvik (fødd 10. januar 1883; d. 17. februar 1938) var ein felespelmann og målar frå ArasvikaErtvågsøya i Aure kommuneNordmøre. Han er blant anna kjent for å ha gjeve form til «Bruramarsj frå Valsøyfjord» — ein mangedelt bruremarsj som har utgangspunkt i to kortare bruremarsjar.   Les mer …

1. takta av Hovenspringa’rn.
Hovenspringa’rn (uttale: ["hɔ:ʋenˌspɾeˌŋɑ.n]) er ein gammal sunndalsspringar som vi kjenner gjennom spelet hans Erik Almhjell. Namnet «Hovenspringa’rn» viser, som «Hovenvalsen», til garden Hoven i Sunndalen. Som i sunndalsspringarar generelt, så er taktslaga relativt jamnlange, og hovudbetoninga i dansespelet ligg på 1 og 2 heller enn på 1 og 3 som i todalspolsen. Slåtten går gjennomført i førsteposisjon i begge streva. Eit kjennspakt sunndalstrekk i denne slåtten er teknikken å dra over, som vi blant anna ser i første takta:   Les mer …

Magnhild og Erik Almhjell i 1948.
Erik Almhjell (18811963) var ein notekyndig spelemann frå SunndalenNordmøre. Erik heldt seg til tyskfela og la stor vekt på å formidle tradisjonen nøyaktig heller enn å satse på moteriktig kappleiksspel. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, så vel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmøre. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren.   Les mer …
 
 
Kategorier for Folkemusikk på Nordmøre
 
Mest lest