Forside:Giske kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Giske kommune
1532 Giske komm.png
Giske kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal og grensar mot Ålesund, Sula, Hareid og Ulstein. Kommunen vart skipa i 1908, då han vart skilt ut frå Borgund; Giske fekk sine noverande grenser i 1964 då Vigra vart innlemma.

Administrasjonssenteret ligg på Valderøy. Kommunen er ein øyommune og består av dei to flate øyane Giske og Vigra (den største øya) og dei ikkje fullt så flate Godøy og Valderøy. Hovednæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Halvard Roald.
Foto: Ukjent, hentet fra Studentene fra 1933 (1958)
Halvard Andreas Gjøsund Roald (født 8. januar 1913 på Vigra, død 20. september 1968 i Oslo) var kjemiingeniør, politiker (Ap) og embetsmann, blant annet statssekretær i Industridepartementet og generaldirektør i Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE). Halvard Roald var sønn av gårdbruker Andreas K. Roald (1879-1956) og Sverine H. Gjøsund (1879-1953). Han ble gift i 1941 med Else Louise Wiik (1914-1987).   Les mer …

Giske gamle skule
Foto: Aud Farstad
Fastskular i Giske er eit oversyn over fastskular i Giske kommune, som ligg like nord for Ålesund. Kommunen har fire øyar med busetnad: Giske, Godøya, Valderøya og Vigra. I perioden 1860 - 1920 var kommunestrukturen slik: a) Vigra var ein del av Haram kommune fram til 1890 då dei vart eigen kommune fram til 1964; b) Dei tre andre øyane var del av gamle Borgund kommune fram til 1907, då vart dei eigen kommune med namnet Giske. I 1964 vart Giske og Vigra samanslegne til ein kommune. Giske har gjeve namn til kommunen, men er likevel den minste øya. Dette er den eldste skulen på Giske som framleis står. Han er ein flott murbygning bygd i 1902 og var stor for si tid med lærarbustad i skulen.   Les mer …

Her vert «Nilfisk» sjøsett.
(1974)

MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk. «Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.

Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik.   Les mer …

Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.
MB «Arne Longva» M-25-S. Kjennesignal: LDNX. L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen bygde denne båten i 1955 for Leiv Longva, Gjerdsvika. Seinare fekk båten namnet «Straumingen». Båten er nærast kopi av «Nybør» som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955.   Les mer …

Høydølen på prøvetur i 1950.

MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.

Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.

Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg.   Les mer …

Flate Giske med snø.
Giske er den minste øya i Giske kommune og har rundt 600 innbyggjarar. Jordbruk, fiske og trevareindustri er dei viktigaste næringsvegane. Namnet Giske er truleg avleidd av norrønt gizki, ‘duk’ eller ‘klut’, som viser til den flate forma på øya. Ho var sete for fleire mektige slekter; slekta til Ragnvald Mørejarl, Arnungætta frå 900-talet av, og Giskeætta vidare oppover i mellomalderen.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Giske kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar