Wikiens artikkel nr 25 000, om Bølerlia, ble lagt inn i påsken av Stig Rune Pedersen. Vi gratulerer så mye! :)

Forside:Høyanger kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sogn • Sunnfjord • Nordfjord
Gulen • Solund • Hyllestad • Høyanger • Vik • Balestrand • Leikanger • Sogndal • Aurland • Lærdal • Årdal • Luster

Om Høyanger kommune
1416 Hoyanger komm.png
Høyanger kommune ligg i Sogn og Fjordane, og grensar til Fjaler og Gaular i nord, Balestrand og Vik i aust, Modalen og Masfjorden i sør og Gulen og Hyllestad i vest. Administrasjonssenteret er tettstaden Høyanger. Andre tettstader i kommunen er Austrheim og Kyrkjebø. Kommunen vart oppretta i 1964, då Lavik og Kyrkjebø kommunar vart samanslegne. Eit par garder i Vik vart óg lagt til den nye kommunen.

Høyanger er ein industrikommune. Største foretak er Norsk Hydro, med mellom anna Høyanger Metallverk. Det er óg fleire fabrikkar som lager bildelar. Det er stor kraftproduksjon i kommunen, noko som var ein føresetnad for etableringa av den kraftkrevjande industrien. Jordbruket er mindre viktig, men det er en del hudsdyrhald i Høyanger.

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.
Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpoltikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986.Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.   Les mer …

O.E.Holck. Maleri frå 1896 av H.Balling «efter et Profilklip og Beskrivelse»
Ole Elias Holck (fødd i Hyllestad 6. januar 1774, død 14. juli 1842 i Lavik i Høyanger) var offiser og proprietær, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. På Eidsvoll var han talsmann for ei sterk kongemakt, og skal ha utarbeidd eit grunnlovsutkast basert på ei eineveldig styreform. Holck utmerka seg som militær i krigane 1808 og 1814, og enda yrkeskarrieren som generaladjutant. Holck var historisk og antikvarisk interessert, og dreiv aktivt arbeid innan det som i dag heiter kulturvernarbeid. Han gjorde garden sin, Alværa i Lavik, til eit mønsterbruk, i pakt med samtidas embetsmannsideal om å verke som foregangsmenn i jordbruket.   Les mer …

Faksimile fra Aftenposten 18. oktober 1975: Utsnitt fra nekrolog over Hans Fredrik Hygen.
Hans Fredrik Hygen (født i Kristiania 12. januar 1884, død 15. oktober 1975) var sivilingeniør og industrileder, blant annet var han direktør ved A/S Norsk Aluminium Co. i Høyanger i over 30 år. Hygen engasjerte seg i lokalsamfunnet i Høyanger, og var blant annet styremedlem ved Høyanger sykehus 1933-55. Etter at Hygen gikk av som pensjonist i Høyanger i 1955 flyttet han til hovedstadsområdet.   Les mer …

Olav Sande kring 1880
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.   Les mer …

Innkallinga og framlegget til resolusjon, Sogns Tidende 11. juli 1884.

Vadheimresolusjonen vart vedteke på eit amtslærarmøte for Nordre Bergenhus i Vadheim 22.-24. september 1884. Resolusjonen kravde auka rom for landsmålet i skule og styringsverk, og det var det fyrste av kring 50 liknande vedtak landet over.

Denne kampanjen var medverkande til at Stortinget i mai 1885 gjorde Jamstellingsvedtaket som sa at landsmålet skulle ha offisiell status på line med det vanlege bokspråket i skule og offentleg forvaltning. I litteraturen er både læraren Olav Sande på Leikanger og teologen og folkehøgskulelæraren Eirik Olson Bruhjell i Sogndal nemnde som initiativtakarar. Dette var «eit framlegg som Sande hadde forma, - fraa fyrste hand», heiter det i 70-årsomtala av Sande. Båe var ein del av det sterke målmiljøet kring Sogndal folkehøgskule, og båe var sentrale i ordskiftet på lærarmøtet. Det er vanskeleg å seie kven som spela den viktigaste rolla i førebuingane, men det var Dahl som lanserte framlegget offentleg og innleidde om saka på lærarmøtet.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Høyanger kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Høyanger kommune
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy