Forside:Haram kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Haram kommune
1534 Haram komm.png
Haram kommune er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot romsdalskommunane Molde og Vestnes så vel som til sunnmørskommunane Ålesund og Giske.

Administrasjonssenteret ligg i Brattvåg. Dei større bygdene i sør og aust er Vatne,Tennfjord og Grytastranda. I nordaust ligg Vestre. I vest og nord ligg bygdene Hildre, Søvik og øysamfunna Lepsøya, Haramsøya, Skuløya og Fjørtofta.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Ulla fyrstasjon ligg i Haram i Ålesund kommune. Fyret vart oppretta i 1874. I 1872 vart det «fra den fiskende almue i Haram» søkt om eit fyr enten på Kvernholmen eller på Ullaholmen. Søknaden var anbefalt av amtmannen m.fl. Løyve vart gitt til oppretting av eit fiskefyr, og det vart kjøpt ei mindre tomt på Kvernholmen der det vart oppført ei fyrbygning på 8,3 x 4,5 m med to små rom og eit vaktrom på loftet. Fyret vart ferdig hausten 1873 og vart tent den 25. januar 1874. I budsjettet for 1889-90 vart det gitt løyve til å utvide brennetida. Dette innebar at stasjonen måtte utvidast til familiestasjon. Og derfor var det ønskjeleg å kjøpe heile Kvernholmen slik at det vart ei brukbar ordning med småbruk for fyrvaktaren. Ein bustad på 8 x 6 m vart oppsett i tillegg til den som stod der frå før. Uthus og naust med båtopptrekk vart også oppført og dessutan eit lite fjøs. I 1898 vart det installert ei 4. ordens linse, og fyret vart omskjerma med fleire klippsektorar. Under ein storstorm i januar 1901 vart naustet flytta av sjøen utan at det vart særleg skada. Ein del av det som stod i naustet vart skylt bort, og fyrvaktaren fekk kr 67,- i erstatning for tapte effektar… Eit landingskar med svingkran vart bygd i 1908. I 1929 vart fyret vesentleg forsterka med installering av elektrisk kraft frå Haram Elverk.   Les mer …

Faksimile fra Aftenposten 8. november 1938: utsnitt fra nekrolog over Fredrik Moltke Bugge.
Fredrik Moltke Bugge (født 18. januar 1865 i Haram, død 1938 i Oslo) var jurist og lokalpolitiker (H), født i Haram på Sunnmøre, som sønn av biskop Fredrik Wilhelm Klumpp og Edvardine Magdalene Margrethe Daae. I 1892 ble han gift med Kristine Elisabeth Heuch (1867-1957). Bugge var barnebarn av skolemannen Frederik Moltke Bugge (1806-1853).

Allerede senere i fødselsåret 1865 finner man Fredrik Bugge i Vestre Aker, som nå er en del av Oslo. Han bodde ved folketellinga 1865 sammen med foreldrene og broren Jens Daae BuggeHegdehaugen.

Bugge tok examen artium i 1882 og juridisk embetseksamen i 1889. I folketellinga 1885 finner vi ham som studiosus juris, bosatt i Daas gate 12. Der bodde også foreldrene og jusstudent Jens Daae Bugge. De to studentene var bortreist da tellinga ble foretatt, men det er ikke oppgitt noe antatt oppholdssted.

Etter å ha vært dommerfullmektig ved Fredrikstad byfogdembete og fullmektig hos advokat Jacob Holm, etablerte han seg med eget advokatkontor i Kristiania fra 1895. I 1930 gikk han i kompaniskap med sønnen, overrettssakfører J. C. Heuch Bugge. I 1893 ble Bugge høyesterettsadvokat.

Fredrik Moltke Bugge var viseordfører i Kristiania fra 1905, og var ordfører 1906-08.   Les mer …

Logoen.

Haram kulturhistoriske lag held til i HaramSunnmøre. Laget, som vart skipa 12. november 1972, gjev ut Årbok for Haram kulturhistoriske lag. I 1998 vart sogelaget medlem av Landslaget for lokalhistorie.

Det kulturhistoriske laget i Haram skal mellom anna «sikre historiske minne og kulturmerke i gamle Haram for ettertida», «vere eit bindeledd mellom bygda, fagfolk og styremakter i saker av kulturhistorisk verdi», «formidle kunnskap om kulturhistoriske ting» og «fremje kulturhistorisk interesse og allmenn trivsel og kontakt i bygdesamfunnet gjennom møteverksemd, registreringsarbeid, innsamlingsarbeid, skriftarbeid, synfarigar og utstillingar».   Les mer …

Flem skule.
Foto: Aud Farstad
Fastskular i Haram er ei liste over skular i tidlegare Haram kommune, som i 2020 vart innlemma i Ålesund kommune. Kommunen omfatta øyane Fjørtofta, Flemsøya, Haramsøya, Lepsøya og delar av fastlandet og gamle Vatne kommune i aust. Fram til 1890 var også Vigra ein del av Haram kommune, men skulane der blir skildra under Fastskular i Giske. I 1965 vart gamle Vatne kommune samanslegen med Haram til ein kommune.   Les mer …

MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik

MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.

Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ.   Les mer …

Olaus Johannes Fjørtoft som ung
Foto: Ukjent, hentet fra Haram 1975.

Olaus Johannes Fjørtoft (født 19. januar 1847 i Haram, død 21. mai 1878 i Kristiania) var journalist, publisist og politisk agitator, kanskje den mest radikale i Kristiania i første del av 1870-årene. Olaus Johannes Fjørtoft vokste opp på gården Hardhaugvik på Flemsøya i Haram. Faren var omgangsskolelærer før han ble lensmann.

Fjørtoft gikk på Borgerskolen i Ålesund 1859–1861 og deretter på Molde Lærde og Realskole 1861–1866, men måtte slutte begge steder fordi han kom i konflikt med ledelsen på grunn av sine radikale meninger. Han reiste deretter til hovedstaden og begynte på Heltbergs studentfabrikk. Han var hjelpelærer i matematikk samtidig som han leste til examen artium, som han tok i 1869.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Haram kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar