Wikiens artikkel nr 25 000, om Bølerlia, ble lagt inn i påsken av Stig Rune Pedersen. Vi gratulerer så mye! :)

Forside:Hemsedal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
Hol • Ål • Hemsedal • Gol • Nes • Flå

Om Hemsedal kommune
0618 Hemsedal kommune.png
Hemsedal kommune ligg i Buskerud fylke og er den nørdste kommunen i fylket. Kommunen tilsvarar bygdi Hemsedal, som vart eigen kommune i 1897, då ho vart utskilt frå Gol og Hemsedal kommune. Kommunen grensar mot Buskerudkommunane Ål i sørvest og Gol i sørøst, i nordvest mot Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og i nordaust mot Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Vang i Oppland fylke. Med 2 215 innbyggjarar (2012) er Hemsedal ein av dei minste kommunane i Buskerud, og den minste i Hallingdal etter Flå kommune. Administrasjonssenteret i kommunen er Trøim (eller Trøym), som hadde 774 innbyggjarar i 2012. Elles bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar kommunen til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Gol prestegjeld. Innbyggjarane i kommunen kallast hemsedølar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Gol og Hemsedal kommune i Hallingdal i Buskerud ble oppretta i 1838. Kommunen eksisterte fram til 1897, da den ble delt i Gol kommune og Hemsedal kommune. Området var det samme som disse to kommunenes areal. Kommunen svarte til det tidligere Gol og Hemsedal prestegjeld med sokna Gol, Hemsedal og Herad.   Les mer …

Ein rein spring forbi dormande pingvinarSør-Georgia.
Foto: Liam Quinn
Reinen på Sør-Georgia vart introdusert av norske kvalfangarar i 1911. Dei norske kvalfangarane som hadde base på Sør-Georgia ønska å ha tilgang til ferskt kjøtt, og i 1911 kjøpte brørne Carl Anton og Lauritz E. Larsen ti tamreinar (3 oksar og 7 simler) i Hemsedal i 1911 og sette dei ut ved Ocean Harbour på Barffhalvøya på nordsida av Sør-Georgia. Fem reinar til vart utsett av Christian Salvesen i 1912, men alle etterkommarane etter dei dyra omkom i snøras i 1918. I 1925 vart sju reinar utsett ved Husvik Harbour i Stromness Bay. Dei sistnemnte var basen for busenflokken.   Les mer …

Motiv frå Hemsedal, Hydnefossen.
Foto: Stig Rune Pedersen (1999).
Hemsedal er ei fjellbygd i Hallingdal i Buskerud fylke. Ho samsvarar geografisk med Hemsedal kommune, eigen kommune sidan 1897, og er den nørdste bygdi og kommunen i fylket. Senteret i bygdi er Trøim (eller Trøym), som er både kommunesenter og kyrkjestad, og som har mykje av det lokale forretningslivet. Tettstaden hadde 774 innbyggjarar i 2012. Dessutan bur det ein del folk i grendene Tuv og Ulsåk. Kyrkjeleg svarar bygdi til Hemsedal sokn, som frå gamalt av har høyrt til Nes prestegjeld, seinare Gol prestegjeld. Geografisk fell bygdi saman med mesteparten av Hemsedalen, som er ein sidedal til Hallingdalen. Hemsedalen har også ein del sidedalar, og ved Tuv deler dalen seg i Grøndalen og Mørkedalen. Her renn Grøndøla og Mørkedøla saman og dannar Hemsil. Ifylgje Store norske leksikon er det Hemsa, eit eldre namn på Hemsil, som har gjeve dalen namnet sitt - medan Sophus Bugge utleda namnet frå hemsa, hefnsa, hofn, som tyder «hamnegang». Lokalt kallast Hemsil også Åné. Ved grensa åt Gol kommune ligg Hemsil på om lag 550 meter over havet, og dette er det lågaste punktet i kommunen. Hemsedal er elles ei utprega fjellbygd, åtti prosent av arealet ligg over 900 meter over havet. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft, på 1920 meter over havet, andre høge fjell er Raudebergnuten og Skogshorn (Skogshødn) på høvesvis 1818 og 1728 meter over havet. Hovudnæringi er jordbruket, framfor alt husdyrhald. Hovudvegen gjennom dalen er riksveg 52, som bind saman riksveg 7 (ved Gol) og europaveg 16 (ved Borlaug i Lærdal kommune).   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Hemsedal kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Hemsedal kommune
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy