Forside:Herøy kommune (Møre og Romsdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal • Sør-Trøndelag • Nord-Trøndelag
Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaØrskogNorddalStrandaStordalSykkylvenSkodjeSulaÅlesundGiskeHaram

Om Herøy kommune (Møre og Romsdal)
1515 Heroy More og Romsdal komm.png
Herøy kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Volda, Vanylven, Sande og Ulstein kommunar.

Herøy kommune er delt i to av Herøyfjorden. Kommunen har seks tettstader, Kvalsvik, Kvalsund, Remøy, Moltustranda, Tjørvåg og Fosnavåg. Administrasjonssenteret ligg i Fosnavåg. Det er tre kyrkjer i Herøy, Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Byste/bauta av Bjarne Rabben.

Bjarne Rabben (fødd 19. juni 1907, død 4. juli 2003 på Herøy aldersheim i Myrvåg) var ein framståande lokalhistorikar med omfattande skriftleg produksjon og deltaking i lokale aktivitetar. Arbeidet hans var konsentrert om heimtraktene, Herøy, Sande og Rovde på Ytre Søre Sunnmøre, men han tok òg for seg emne frå heile fylket, mellom anna eit viktig arbeid med fiskerisoge.

Rabben var fødd utanfor ekteskap med dårlege odds. Av skulegang hadde han berre folkehøgskule og småbrukarskule. Men han kom til gode fosterforeldre på Moltustranda og vart buande der heile livet. Utanom lokalhistoria var han sterkt engasjert i fråhalds- og målsaka. Han skreiv òg ein roman og fleire salmar, og han hadde mange kommunale verv, m.a. som varaordførar. Han var redaktør for lokalavisa Vestlandsnytt i åra 1952–55 samstundes som han samla stoff til Herøysoga. Kona og barna dreiv småbruket.   Les mer …

Gamle båtar ved Herøy gard i 2009.
Foto: Arnfinn Kjelland

Herøy museumsbåtlag er eitt av to kystlag i Herøy kommune, og arbeider som museumslag med ansvar for båtane til Herøy Kystmuseum og miljøet kring dei. Laget er lokallag i Forbundet KYSTEN. Vårt mål er å arbeide for å ta vare på og bruke tradisjonelle opne trebåtar og utvikle museet til eit aktivitetssenter for bruk av slike båtar.

Det totale miljøet kring båtane står sentralt, t.d. naustmiljø, sjøbuda, reiskap, fiske, handverk, ord og uttrykk m.m. Samarbeide med lokale museum, foreiningar og skular om aktuelle kulturverntiltak. Samarbeide med Forbundet KYSTEN sitt landsstyre/arbeidsutvalg og sekretariat når det er naturleg og nødvendig.   Les mer …

Logoen til Herøy kystlag.
Herøy kystlag (HK) vart etablert i 1991. Opprinneleg var tanken at dette skulle vere ein modellbåtklubb for dei som dreiv på med slikt i HerøySunnmøre. Men det enda opp med at det vart eit større perspektiv på laget med fokus på kystkultur. Laget vart innmeldt i Forbundet KYSTEN i 1994. Laget har ca. 70 medlemmar. Aktivitetane er retta inn mot bevaring av dei båtar, motorar og gjenstandar laget eig, innsamling av foto og film, produksjon og sal av boknasild, drift av Fosnavåg Gjestebrygge og restaurering og utvikling av slippen i Nørvågen. Sidan Herøy kommune har Herøy Kystmuseum og Herøy museumsbåtlag som tek seg av tida fram til "motorbåtalderen", har Herøy Kystlag sidan starten konsentert seg om «motorbåtalderen».   Les mer …

Andreas Vorren.
Andreas Hermod Olsen Vorren (født 15. september 1871 i Leikang i HerøySunnmøre, død 31. januar 1955 i Neiden, Sør-Varanger), gift med Simonetta Nikolaisdtr (født 1876 i Harstad), var forretningsmann, forsikringsagent, banksjef, politiker og lærer. Han var utdannet lærer ved Tromsø Seminar 1891, og hadde post i Lyngen (1891) og på Sandtorg (1894). Vi vet ikke nøyaktig når han slo seg ned i Harstad, men i 1904 finnes han omtalt i protokollen til Harstad Arbeidersamfund, hvor han det året ble valgt til nestformann, hvilket kan tyde på at han må ha vært medlem i noen tid før. Etter bokverket Norske skolefolk ble han lærer i Harstad i 1899. Vorren ble en av stedets mest fremtredende borgere. På den kulturelle siden var han speiderleder og var med og stiftet Harstad Dramatiske Forening. Her tok han også handelsskolen og ble forretningsmann (med egen brygge), og lokalpolitiker og var første formann i Harstad Handelsstands Forening. Han var forsikringsselskapet Gjensidiges agent for Harstad om omegn da selskapet opprettet kontor i byen 1920 og bestyrer i Harstad Øl- og Vinsamlag til ny alkohollov stanset denne virksomheten i 1917. Samlaget holdt til i det som senere ble Harstad Sparebanks karakteristiske gård på Torvet i Harstad. Harstad Sparebank flyttet inn i lokalene i 1907, og Vorren ble banksjef med Anna Bertheussen som kasserer fra 1912.   Les mer …

Her er MB «Hendig» ved kaia på Vik. Om hausten brukte Anfinn å kjøpe poteter, - det er poteter som er i sekken.
MB «Hendig» M 47 HØ, bygd i 1968, for Anfinn og Olav Skorpen, far og son. Meir opplysningar om eigarane ligg på MB «Høydølen». Skrogforma er omlag som Høydølen, men båten er mindre, sjå båtlista for Vik. Hendig var bygd på enkle laska spant, og med spikarhud. Mesanmast på bukk over dekk, for fri tilgang til linekastar m.m. Rorhuset er flytt til framdelen av båten, som også hadde halvbakk. Lugaren framme under dekk hadde 3 køyer, og tilgang var gjennom egnarhuset, men også gjennom rorhuset. Rorhuset var bygd av kryssfiner på rameverk av tre, utvendig var det lagt på glasfiberarmert plast. Dekket på halvbakk var av 5/4 toms pløgd material, også det med glasfiberarmertplast. Rundt 1990 fekk rorhuset påsett ein kantskjerm i aluminium, og nye rorhusruter. Når rorhuset er plasert slik, vert heile dekket bak ein samanhangande arbeidsplass. Dette dekket var lagt på vanleg måte, furuplank med nater. Plaseringa av rorhus og det som fyl med det, var slik eigarane sjølve ville at båten skulle vera. Lukekarmen til lasteromet var om lag 30 cm høg.   Les mer …

Her på veg til hamn i svert fint veir. Hadde vore ca 37 mil av Runde med seigarna, og hadde ein god fangst om bord.
Foto: Magnar Høydal (1962)
MB «Hai», M-94-HØ, var bygd i Romsdalen i 1916. Lengde var 40 fot, og motor Rekord 26 hk. Ombygd i 1928 til 51 fot. I 1937 fekk den ny motor «Wichmann» 40hk, og forlengd til 53,8 fot. Lengste lengde oppgitt til 60 engelske fot. Ein «Kromhout»motor på 150 hk. vart innsett i 1965. Båten vart kondemnert i 1985, og enda sine dagar på botnen av Voldsfjorden. Hans Goksøyr selde båten i 1920 til Matias Sævik, og Anton og Paul Flusund. Sønene deira Petter Sævik, Harald A. Flusund og Ragnvald P. Flusund overtok båten i 1937. I 1952 vart det endring i eigarskapet. Rangvald vart åleine då dei andre ville selja sine partar, Peder og Olav Leine kom då inn som medeigarar. I 1978 overtok partreiarlaget Ragnvald Flusund båten, og selde den vidare til Inge Remøy og sonen Oddmar Remøy i 1981. Dei brukte båten til garn og linefiskje. Siste to tre åra vart båten rigga til brugdefangst. Oddmar hadde då samarbeid med ein kar frå Trøndelag, han hadde utstyr til brugdefangst.   Les mer …
 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Herøy kommune (Møre og Romsdal)/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Herøy kommune (Møre og Romsdal)
 
Mest lest