Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Forside:Hjelmeland kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Jæren • Ryfylke
Kvitsøy • Rennesøy • Finnøy • Strand • Forsand • Hjelmeland • Suldal • Sauda

Om Hjelmeland kommune
1133 Hjelmeland komm.png
Hjelmeland kommune er ein kommune i Rogaland, som grensar til Suldal i nord, Bykle i aust, Forsand og Strand i sør og Finnøy i vest. Administrasjonssenteret er Hjelmelandsvågen.

Kommunen vart oppretta i 1884, då Hjelmeland og Fister kommune vart delt i to. I 1965 vart størsteparten av Fister kommune (unntatt nokre øyer i Boknafjorden) og Årdal kommune (unntatt eit område ved munningen av Årdalsfjorden) innlemma i Hjelmeland. Ein gard på Ombo vart samstundes overført frå Jelsa kommune.

Største arbeidsgjevar er kommunen, og deretter kjem jordbruket som viktigaste næringsveg. Særleg epledyrking, men óg anna frukt- og bærdyrking, er viktig i kommunen. Det er ein del industri, særlig næringsmiddel-, betong- og trevare-/møbelindustri.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Anna Aadneson (født 6. mars 1870 i Hjelmeland, død 14. oktober 1954) var lærerinne. Lengst arbeidde hun i Sandnes.

Hun var datter av kirkesanger Jakob Aadneson og Johanne Margrethe f. Schimling. Anna Aadneson tok eksamen ved Notodden seminar i 1903.

Hun arbeidde som lærerinne ved Amtsskolen i Jæren og Dalane 1894-98, Amtsskolen i Ryfylke 1898-1901 og ved Fortsettelsesskolen i Modum 1903-04. I 1904 ble hun ansatt ved Sandnes folkeskole, og der skulle hun bli helt til 1926. Anna Aadneson var i 1910 bosatt i Langgata 7 i Sandnes sentrum.   Les mer …

Årdal gamle kyrkje i Ryfylke.
Foto: Knut Rage (2013)

Den gamle kyrkja i Årdal, Hjelmeland i Ryfylke, vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på Vestlandet. Kyrkja ligg i Årdal sokn i Søre Ryfylke prosti. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.

Bygginga tok til i 1619, då vart skipet bygd, så kom tårnet på plass i 1623 og koret stod ferdig i 1626. Ettersom folketalet i bygda auka utetter 1600-talet vart det bygd på endå eit korparti i åra mellom 1707 og 1709. Kyrkja vart altså utvida to gongar, og det er dette som har gjeve kyrkja den særeigne forma og kallenamnet "kyrkja under tre tak". Kyrkja er kanskje vel så kjend for sine frodige dekorasjonar.

Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag.   Les mer …

Årdalskrusifikset stammar frå Årdal gamle kyrkje i Hjelmeland. Det kan daterast til tida rundt 1220-1230. Den lokale lensmannen bidrog til at krusifikset blei overdratt til Stavanger Museum i 1908. Kristusfiguren mangla då begge armane, venstre fot, samt krossen. Hovudet hadde dessutan losna frå kroppen. Det dreier seg om eit såkalla triumfkrusifiks, skore i selje og med ei lengde på 116 cm. Dermed er Årdalskrusifikset størst av dei bevarte mellomalderske krusifiksa i Rogaland. Det blir rekna som eit av dei vakraste i landet innanfor sin type. Særleg ansiktet er av høg kvalitet. Krusifikset vart restaurert og undersøkt i 1980-åra. Det hadde vorte reist spørsmål ved om hovud og kropp er laga samstundes på grunn av noko ulik stil. Bruk av computertomograf viste at årringane på begge sider av brotet høyrde saman, slik at hovudet er skore frå same stamme som resten av figuren.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Hjelmeland kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Hjelmeland kommune
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy