Forside:Hol kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Eiker • Hallingdal • Numedal • Ringerike
Hol • Ål • Hemsedal • Gol • Nes • Flå

Om Hol kommune
Hallingskarvet sett fra Ustaoset, altså fra Ustedalsdalføret

Hol kommune ligger øverst i Hallingdal i Buskerud fylke. Kommunen grenser til Ål og Nore og Uvdal i Buskerud, Ulvik og Eidfjord i til Hordaland og Lærdal og Aurland i Sogn og Fjordane. Kommunesenteret ligger i tettstedet Hol i Holsdalføret. Geilo er sentrum i kommunens andre dalføre, Ustedalen. Mellom de to dalførene ligger fjellmassivet Hallingskarvet. Deler av Hardangervidda ligger også innenfor kommunegrensene.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Faksimile fra Aftenposten 3. juni 1976: utsnitt av nekrolog over Hjalmar Andreas Mjelstad.
Hjalmar Andreas Mjelstad (født 27. juli 1895 i Skånevik i Etne kommune, død 28. mai 1976) var sivilingeniør. Gjennom hele yrkeskarrieren arbeidet han med elektrisitetsforsyning og kraftutbygging, lengst var han ved Oslo Lysverker, der han blant annet var kraftutbyggingssjef. Hjalmar Mjelstad var sønn av brukseier Berge Mjelstad (f. 1860) og Martha f. Hillesdal (f. 1862), og ble gift i 1932 med Ingeborg Vinje Ludvigsen (1903-1993).   Les mer …

Denne rokken er truleg produsert av Tragetonane. Fotograf: Ukjend, 1915-20. Eigar: Hol Bygdearkiv.
Mellom dei fyrste som ser ut til å ha hatt rokkemaking som hovudvirke i Hol, var Svein Nilson (1776-1836) frå søre Trageton i Kvisla. Han vart kalla "svarvaren", og garden han busette seg på (Nystølen, 44/2) fekk namnet Svarvarøyne. Andre holingar som truleg verka som rokkemakarar utover på 1800-talet, var Hermann Knutson Sveingard (f. 1825) og Tomas Torsteinson Røo (f. 1827). Reinton nemner også Herleik og sonen Ola frå søre Årset, Kvisla, i bygdesoga frå 1815.   Les mer …

Stølen Nordre Tuva i 1916.
Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.
Tuva turisthytte ligg på 1148 moh. sør for Tuvatjørne, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 40 senge- og sovesalsplassar (2013). Både sumar og vinter er ho dessutan serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo.

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva. Ei av stølsbuene er bygd inn i hovudhuset til turisthytta. På eigedomen er det fleire hus knytta til turisthytta, og litt opp i bakken ligg ei nyare stølsbu og ruinar etter ei steinbu. I området er også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Turisthytte- og stølshusa ligg i den midtre av desse.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige.   Les mer …

Øvre Åkerstølen, med ruinar etter ei steinbu i framgrunnen.
Foto: Marianne Wiig (2012)

Åkerstølane ligg på nordsida av Åkerstølåni på Ustaoset, Hol kommune. Eigedomen strekk seg frå Gampetjørne i sør til Tvergasteintjørne i nord.

Ved gardssyn i 1751 var Åkerstølen ført opp som langstøl til søre Foss, Lio. Nordre Foss må også ha hatt ein del av stølen, for i 1801 gjekk Sjugurd Olson nordre Foss og Elling Ellingson søre Foss til felles sak mot grannane på Sand-gardane i Kvisla, som hadde late dyra sine beite på Åkerstølvollane. Tre år etter var det igjen strid om Åkerstølen. Da vart far til Sjugurd, Ola Knutson nordre Foss, stemnd for forlikskommisjonen av Eirik Vebjørnson Solheim. Ola skal ha selt sin del av Åkerstølen til Eirik, men ville ikkje kjennes ved dette.   Les mer …

Utsikt mot Ustaoset fra Usteberget.
Foto: Morten Wiig Letnes (2008)
Ustaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal i Buskerud fylke, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh.) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell vart bygd og hyttebyen vaks fram.   Les mer …

Stølen Steintjønnbotten (også kalla Botten, gnr 54, bnr 7) låg nord for Steinvika, vestafor Uggen på Ustaoset i Hol kommune. Lars Torsteinson Heggeset, Kvisla, kjøpte den i 1892 av Margit Knutsdotter øvre Sand, også Kvisla, som i mange år sat som enkje på garden. Han har nok selt stølen vidare til Per Mikkelson Vindegg Bakkegard, Kvisla, for Per selde han i 1905 til Gunvald Larson Luten, Lio, som igjen bytte han bort til Knut Knutson Øyo, også Lio. Stølen hadde då lege øyde i mange år, men Knut fekk bygd både buer, lu og fjøs ved sida av den gamle steinbua. Sander Olson Fossgård og kona Gro, som rydda garden Fossli, Lio, kring 1916, leigde Steintjønnbotten av Thomas Knutson Øyo og støla der i 12 år. Stølsbua og fjøset er i dag (2012) ombygde til hytter.   Les mer …
 
Sjå óg


 
Eksterne ressursar
Hol bygdearkiv
 
Kategoriar for Hol kommune
ingen underkategorier
 
Mest lest