Forside:Husdyrraser

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Husdyrraser
Det finst fleire tradisjonelle husdyrrasar i Noreg og nærområda. Det følgjande er ei liste over slike rasar sortert etter dyreslag:
 
Smakebitar
Kasjmirgeit med kje på Tustna.
Foto: Olve Utne
(2012)
Kasjmirgeit er fellesnamn for ymse geiterasar som gjev kasjmirull — ei botnull av særleg fine fiber. I Norge vart dei aller første kasjmirgeitene importert frå New Zealand av Landbrukshøgskolen (frå 2005 Universitetet for miljø- og biovitenskap) i 1993 i samband med eit forskningsprosjekt, og seinare har det vorte importert sæd frå Skottland. Norsk kasjmirlag vart stifta i Aberdeen i Skottland den 31. august 2003. Rasestandarden for norsk kasjmirgeit vart utarbeidd som ein del av eit forskningsprosjekt i perioden 2004–2008. Kasjmirgeitene har generelt god helse; dei er rolige av gemytt og har eit sterkt flokkinstinkt. Dei er relativt lett å halde inngjerda så lenge dei har eit interessant beiteområde der det er godt med mat. I tillegg til ull- og kjøttproduksjonen er landskapspleie, inkludert vedlikehald og restituering av kulturlandskap, eit viktig bruksområde for kasjmirgeitene.   Les mer …

Ei gråkolle i VoldaSunnmøre.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)
Vestlandsk fjordfe er ein relativt liten og lettbygd storferase som vart godkjent som rase i 1890-åra. Levandevekta for vaksne kyr var ca. 250 kg i tida kring 1900, men på slutten av 1900-talet og først på 2000-talet har levandevekta vore ca. 400 kg i snitt. Grunnlaget for rasen er ulike populasjonar av storfe frå Søndre Bergenhus amt (frå 1919 Hordaland fylke), Nordre Bergenhus amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke) og Romsdals amt (frå 1919 Møre fylke, no Møre og Romsdal). Rasetrekka er variable, og dyra kan vera hornut eller kolla; sidut, sadla, flekkut eller einsfarga; og av ymse ulike fargar. I dei første åra vart fleire lokale undertypar definerte — deriblant gråkollaSunnmøre.   Les mer …

Kystgeit, òg kalla utegangargeit og villgeit, er ein geiterase som tradisjonelt blir halden på øyane langs kysten. Alle dyra som finst att i dag er etterkommarar etter utegangargeiter frå Stadlandet i Selje i Nordfjord, Sandsøya i SandeSunnmøre og Skorpa i Herøy på Sunnmøre. Kystgeita har tradisjonelt vore halden for kjøtet si skuld og ikkje for mjølking. Tradisjonelt har mange av bukkekjea vorte kastrert.   Les mer …

Islandshøne på Solskjelsøya i Aure kommuneNordmøre.
Foto: Olve Utne
(2015)
Islandshøns eller landnåmshøns (islandsk (íslensk) landnámshæna) er ein hønserase frå Island. Landnåmsfolket frå Noreg hadde med seg høns til Island da dei busette seg der kring slutten av vikingtida, og islandshønene har sin nærmaste slektning i den sørvestnorske jærhøna. Hønene er relativt store (kring 2 kg), med stor variasjon i kam, fjørdrakt og skinn- og fotfarge. Egga er kvite og relativt store (50–65 g). Islandshønene er hardføre og flinke til å finne sin eigen mat. Gemyttet er rolig. Dei er stabile eggleggarar og har gode rugeeigenskapar.   Les mer …

Grå trøndersau på ValsøyaNordmøre.
Foto: Olve Utne
Grå trøndersau, noen gonger berre kalt trøndersau eller grå trønder, er ein sauerase av «crossbreed»-type med halvlang spæl (hale). Ulla er grå, og sauene har ein kjennspak kvit flekk under augo. Den varme ulla ligg til grunn for kallenamnet sjøvottsau fleire plassar i Trøndelag. Trøndersauen blir rekna å vera ein blandingsrase av den utdødde tautersauen og gammelnorsk sau. Tautersauen var i sin tur basert på importerte dyr frå England1700-talet — trulig ryeland.   Les mer …

Ein fjording på beite på Hjerl Hede i Danmark.
Foto: Tomasz Sienicki
Fjordinghoppe med føll i Asker utenfor Oslo.
(2003)
Fjording eller fjordhest er ein vestnorsk hesterase. Han blir rekna som det norske nasjonalhesten. Fjordingen er kjenneteikna med den meir eller mindre blakke fargen sin og med den såkalla ålen — ei mørk stripe frå manke til hale på kvar side av det lysare, gjerne kvite, midtfeltet av manen. Fjordingar med broten eller manglande ål blir ikkje godkjende. Tradisjonelt blir fakset klipt, slik at fjordingen får ein ståande man. Vanleg mankehøgd er kring 135–150 cm, men høgder ned i 125 og opp i 155 er ikkje uvanlege. Den blakke fargen finst i fem godkjende nyansar: brunblakk, raudblakk, ullsblakk, grå og gulblakk.   Les mer …
 
Kategoriar for Husdyrraser
 
Andre artiklar
 
Siste endringer for Husdyrraser

Flere endringer ...