Forside:Klinkbygging

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

KYSTKULTUR
Båtbygging • Klinkbygging • Fyr • Tradisjonsbåtregisteret

Om Klinkbygging
Denne tegninga av ei saltdalsspisse viser hvordan bordene overlapper hverandre og klinkes sammen. Tegning av Ulf Mikalsen.
Klinkbygging er en tradisjonsrik og vanlig nordisk byggemåte for småbåter. Bordene er lagt med overlapping og klinket til hverandre. Forbundet KYSTEN jobber for å få den nordiske klinkbyggingstradisjonen innskrevet på UNESCOs liste over vår immaterielle kulturarv.

Den vanligste definisjonen på at en båt er klinkbygd referer til selve konstruksjonsmetoden som beskriver båttypen med at underkanten av de overliggende plankene stikker ut over kanten av de underliggende plankene og at bordgangene overlapper hverandre langs kantene vendt nedover. Teknikken som fester bordene sammen kalles også «klinkbygging» fordi de overlappende plankene enten er sammenføyd ved sying eller med tre- jern- eller kobbernagler.

Klinkbygging skiller seg også fra kravellbygging ved at bordlegginga er første byggetrinn. Kjøl og stevner sammenføyes, og deretter bordes skroget helt opp. Først etter at skallet er på plass legges innveden i. Underveis måler man opp med et båtvater, og holder bordene på plass med skorer og klemmer. Når de er ferdig klinka er det bordene som holder båten sammen. Innveden gir ekstra styrke til konstruksjonen, i motsetning til ved kravellbygging hvor man begynner med et «skjelett» som bærende element.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
geitbåtar går esingen tradisjonelt langs alle rorsromma, men ikkje i skottane. Merk at esingen følgjer ripa heller enn bordovergangen framme, og at 'keipskjegga går ned til esingen.
Foto: Olve Utne
(2011)
Ein eller ei esing (eldre nynorsk og talemålet nordafjells: æsing) er ei innvendig, langsgåande list langs øvste eller nest øvste bordet på båtsida i opne, klinkbygde båtar. Esingen tener til å avstive og forsterke båten langskips. På båtar med keipar med skjegg går gjerne keipskjegget ned til esingen, og på båtar med keipsneller er keipsnellene festa i esingen.   Les mer …

Ranaspisse. Tegning av Ulf Mikalsen, Kjerringøy
Ranaspissa er som oftest bygget i gran. Ranaspissa kjennetegnes ved at stevnene er festet oppe på kjølen. Spissa er relativt langkjølet uten lot, med en markert vinkel mellom kjøl og akterstevn. Dette bidrar til å gjøre spissa retningsstabil. Ripekonstruksjonen er særegen for distriktet.   Les mer …

«Fjordamerra» på utstilling i Geitbåtmuseet.
Foto: Olve Utne
«Fjordamerra» er ein kyrkjebåt frå Årvågsfjorden i AureNordmøre som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt av aurgjeldstypen med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til GeitbåtmuseetEngjan i Valsøyfjord i Halsa kommune på Nordmøre. Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag, og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997.   Les mer …

Saltværing av eldre type: Krumstemning frå Misvær i Bodø kommune, no i samlingane til Norsk Maritimt Museum.
Foto: Olve Utne
Saltværing er den varianten av nordlandsbåtar som tradisjonelt blir bygd frå Salten og nordover. Samanlikna med ranværingane og bindalsbåtane har dei relativt mindre spring, og framskotten er gjerne meir utlagt. Generelt har båtane nordom Saltfjellet alltid vore bygd i furu, medan ranværingane og bindalsbåtane av nyare, rettstemna type normalt har vore bygd i gran. Det er usikkert kva ulikheiter det har vore mellom båtane bygd i Salten og Ofoten på den eine sida og båtane bygd nord i Troms og Finnmark på den andre, men ein tendens er at båtar som har vore brukt opp mot Finnmark gjerne har vorte borda opp med eit ekstra omfar.   Les mer …

Nybygd aurgjeldsfyring.
Foto: Olve Utne
(2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Hemne kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i Trøndelag òg.   Les mer …

Åfjordsbåtar i Gjøahavn ved Norsk Maritimt MuseumBygdøy i Oslo kommune. Frå venstre ser vi ein færing (2½ rom, 2 par årar) og ein halvfjerming (3½ rom, 4 par årar); og lengst til høgre ein ca. 6-roms båt som kan vera ein febøring.
Foto: Olve Utne
(2009)
Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste staden der desse båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmøre gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. Dei største båtane kan i tillegg ha eit toppsegl.   Les mer …
 
Eksterne ressurser
 
Kategorier for Klinkbygging
ingen underkategorier
 
Andre artikler