Forside:Leikanger kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sogn • Sunnfjord • Nordfjord
Gulen • Solund • Hyllestad • Høyanger • Vik • Balestrand • Leikanger • Sogndal • Aurland • Lærdal • Årdal • Luster

Om Leikanger kommune
Leikanger kommune er ein kommune ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane. Han grensar mot Balestrand, Sogndal og Vik. Kommunesenteret er Hermansverk.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902.   Les mer …

Olav Sande kring 1880
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.   Les mer …

Jakob Sverdrup
Jakob Liv Rosted Sverdrup (Jakob Sverdrup) (fødd 27. mars 1845 i Kristiania, død 11. juni 1898 i Østre Aker) var teolog, folkehøgskulestyrar og ein av dei mest sentrale og omstridde norske politikarane sist på 1800-talet. I januar 1871 opna han Sogndals folkehøiskole. Han hadde vore på studiereise til danske folkehøgskular i 1869, men stilte seg kritisk til dei grundgvigianske ideane. Medan dei andre folkehøgskulane på same tida var grundtvigianske, hadde Sverdrups folkehøgskule eit pietistisk og antigrundtvigiansk grunnlag. Han var styrar ved folkehøgskulen til 1878, men overlet frå 1875 frå seg meir og meir av drifta til Henrik Mohn Dahl som han hadde fått inn som lærar i 1874.   Les mer …

Motiv fra Henjatunet.
Foto: Elin Olsen (2013)

Hermansverk er kommunesenteret i Leikanger kommune, og ligg på nordsida og Sognefjorden. Bygda har vakse saman med Leikanger til ein tettstad, Hermansverk/Leikanger, med til saman ikring 1900 innbyggjarar (2009). Bygda har namn etter Herman Brun, ein kjøpmann som hadde sitt verke der i 1840-åra.

I 1989 vart Fylkeshuset i Sogn og Fjordane åpna i Hermansverk.

Planteforsk Njøs, ein institusjon som forskar på bær og frukt, ligg i Hermansverk. Staden hadde tidlegare ein konservesfabrikk, som vart grunnlagd av Halvard Drægni i 1919. Fabrikken vart teken over av Lerum i 1982, men har sidan vorte lagd ned.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Leikanger kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Leikanger kommune
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy