Forside:Norddal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal • Sør-Trøndelag • Nord-Trøndelag
Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaØrskogNorddalStrandaStordalSykkylvenSkodjeSulaÅlesundGiskeHaram

Om Norddal kommune
1524 Norddal komm.png
Norddal kommune ligg i Møre og Romsdal, og grensar til Stordal i nordvest, Rauma i nord og aust, Skjåk i søraust og Stranda i sør og vest. Kommunen er den einaste i Møre og Romsdal som har hatt uendra grenser sidan opprettinga i 1837/1838. Administrasjonssenteret Sylte er sentrum i den einaste tettstaden i kommunen, Valldal.

Husdyrbruk, hagebruk og fruktdyrking er viktige næringsveger. Kommunen har kring 80 % av fruktarealet i Møre og Romsdal, med vekt på eple og pære. Norddal har óg halvparten av bærarealet. I industrien er det mest møbel- og trevareindustri. Tidlegare har olivin vore utvinna i Tafjord, men drifta er nedlagd.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Elias og Sigrid Hoel.
Elias Thoresen Hoel (født 15. januar 1859 i Valldal, Norddalen prestegjeld, død i Harstad 26. april 1921) var handelsmann i Harstad. Elias var sønn av Thore Thoresen Hoel og Margrethe Ingebrigtsdatter Alstadsæter fra gården Hol (Hoels-Bakken) i Valldal på Sunnmøre. I en meget tidlig alder, 17-18 år, bega Elias Hoel seg i vei nordover, lokket av de rike sildefiskeriene der. I 1877 befant han seg i Hammerfest med varelageret og butikken på ryggen. Under sitt noe slitsomme omstreiferliv var Elias Hoel stadig på utkikk etter et høvelig sted for fast handelsvirksomhet, og i Harstad øynet han muligheten.   Les mer …

Lovise Heggen
Foto: Johan J. Nerbøvik

Lovise Heggen (fødd 17. mars 1893 på Heggen i Valldalen av foreldra Gurine Ingebriktsdtr. og Mons Ellingss. Heggen, som nr fem av fjorten sysken. Ho vart konfirmert i Norddal i 1908 med karakteren «Næsten udmerket godt».

Lovise Heggen tok eksamen ved Volda lærarskule i 1914 og hadde deretter stillingar ved Arendal, i heimbygda Valldalen og tre år i Narvik. I 1930 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo med hovudfag i norsk og sidefaga historie og engelsk. Deretter vart ho lektor ved Volda lærarskule fram til 1957.

Lovise Heggen var sosialist og var med på etableringa av Volda Arbeidarlags kvinnegruppe i 1937, same året som ho vart vald inn i heradsstyret. Ho var òg sterkt religiøs, og vart medlem av Oxfordrørsla. Lærarskulen vart eit sentrum for denne rørsla. Ho var òg pasifist, og markerte seg ved å gå i mot hjelpa til Finland i februar 1940. Det fekk ho «skarpe hogg» for.   Les mer …

Stuguflottbrue med skade etter sprengninga
Foto: Arnfinn Kjelland

Fieldfare-operasjonen er nemninga på oppdraget tre Kompani Linge-karar frå Ålesund: Birger Strømsheim, Olav Aarsæther og leiaren Joachim Rønneberg gjennomførte i området Tafjordfjella - Romsdalen i perioden mars 1944 - mai 1945. Dei tre hadde tidlegare vore med på tungtvannsaksjonenVemork.

Gruppa skulle organisere motstandsgrupper og førebu jernbanesabotasje. Natta mellom 5. og 6. januar 1945 sprengte dei Stuguflottbrue etter ein strabasiøs marsj i djup snø og sterk kulde frå basen dei hadde i Veltdalen om lag 25 km inne i fjellområdet. Sprengninga var vellykka og blokkerte den tyske jernbanetrafikken i 19 dagar. På bildet kan ein sjå reparasjonen etter sprenginga.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Norddal kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Norddal kommune
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy