Forside:Nordhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Austrheim • Fedje • Masfjorden • Modalen • Osterøy • Vaksdal

Om Nordhordland
Nordhordland er eit distrikt i den nordlege delen av det tidlegare fylket Hordaland. Det omfattar sju kommunar: Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Desse hadde til saman 45 838 innbyggjarar pr. 1. juli 2008, og eit areal på 2753 km². Tidlegare vart òg delar av Gulen kommune og bydelane Arna og Åsane medrekna til Nordhordland. Øygarden vart òg rekna med, men etter at den slo seg saman med Fjell og Sund til nye Øygarden kommune, reknast den gjerne ikkje med lenger. Den største tettstaden i distriktet er Knarvik, som er kommunesenter i Alver.

Saman med Midthordland inngår Nordhordland i regionen Bergen og omland.

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Austrheim kyst- og sogelag i Austrheim kommune vart stifta 11. mars 1986. I starten var namnet Austrheim sogelag, men i 1994 bytte laget til det noverande namnet. I føremålsparagrafen står det at «Austrheim kyst- og sogelag arbeider for å samla og gjera tilgjengelig alt tilfang som har å gjera med ålmenn soge, gards- og ættesoge, kystkultur, levevis,folkeminne,stadsnamn og mål i Austrheim kommune. Laget skal vera innmeldt i Landslaget for lokalhistorie». I 2019 hadde laget 70 medlemmer.   Les mer …

Selstøbuane var dei enaste bygningane som stod att etter nedbrenninga av bygda i 1942.
Foto: Commons-brukaren Cavernia

Telavåg er ei bygd på Sotra i Øygarden kommune. Staden hadde i 2022 rett i overkant av 600 innbyggjarar.

Telavåg er særleg kjend for represaliane etter ei trefning i 1942. Alle hus vart sprengt og brent, alle dyr ført bort og alle båtar senka. Av innbyggjarane vart alle menn mellom 17 og 60 sende til Sachsenhausen, der 31 av 72 døydde. Dei andre vart internert i Noreg inntil mai 1944. Telavåg er den einaste staden i Noreg som vart utsatt for så harde represaliar, og hendingane vart teke med som eitt av tiltalepunkta i Nürnbergprosessane. Hendingane i 1942 vert minna på Nordsjøfartmuseet, som óg fortel historia om Englandsfarten og Shetlands-Larsen.   Les mer …

Ole Strømme var lærar og kyrkjesongar. Han var den første ordføraren i Austevoll, og hadde dette vervet i 15 år. For dette og anna arbeid vart han tildelt Kongens fortenestmedalje
Foto: Austevoll Menighetsblad 1940.

Ole Strømme (fødd i Fjell 12. juni 1856, død i Austevoll 14. april 1940) var lærar og klokkar i Møkster soknekommune og ordførar i Austevoll kommune.

Strømme voks opp på garden Straume i dåverande Fjell kommune i Hordaland. Før han vinteren 1875 las privat med soknepresten i kommunen, Jacob von der Lippe (1797-1878), var han fiskar og gardsarbeidar. Same året vart han teken opp på Stord Seminarium der han tok lærarprøva i 1877. Han var i kort tid huslærar hos ein mølleeigar i Fjell før han i 1878 vart tilsett i to skulekrinsar i Austevoll der han vekselvis underviste to veker ved to skular. Han han lærar i 45 år.   Les mer …

Flyfoto 1988, i framgrunnen Hellisøy fyrstasjon. Busetnaden på Stormark i bakgrunnen med Fjellheim (bnr 21 og 3) nærast.
Foto: Aeronor

Hellisøy fyrstasjon (gnr 173 bnr 1) ligg på ei lita øy i Fedje kommune. Anlegget har eit 32,2 m høgt fyrtårn i støpejern, som står på ein låg granittsokkel. Tårnet er på same måte som Eigerøy fyr i Rogaland fora med teglstein og gråstein som sikring mot bølgeslag. Fyret har 3. ordens linseapparat frå 1903 og maskinhus, bustad, naust og landing, samt tuft etter assistentbustad. Ein støypt veg fører frå landinga opp til bustaden og vidare over ei bru bort til fyret. Hellisøy har forholdsvis gode landingsforhold. Fyrstasjonen ligg mellom to område verna som naturreservat etter lov om naturvern.

Fyrstasjonen har stor aldersverdi med landets nest eldste støpejernsfyr. Fyrstasjonen har høg grad av opprinneligheit, med linseapparatet framleis i drift. Anlegget har stor miljøskapande verdi sett i samanheng med bygningsmiljø og kulturlandskap på Fedje, og den gamle handelsstaden på Kræmmerholmen. Fedje kommune gjer omvisningar og leiger ut fyret.   Les mer …

Herdlevær mot nordvest.
Foto: Vigleik Mathisen

Herdlevær (gnr. 46) er ei øy og bygd i Øygarden kommune i Hordaland. Bygda ligg ut mot havet, men ein skjerm av øyar og holmar verner mot storhavet, og Herdlevær er ei god hamn.

Øya har ei lang busettingshistorie, noko ei grønnsteinsøks frå steinalderen vitner om. Frå historisk tid finnes det fleire skriftfestingar av øya. I soga om Egil Skallagrimsson, er Herdlevær staden Egil tek landkjenning og nyttar som base for ferda over fjorden til Askøy. I soga om Håkon Håkonsson, får vi vite at sommaren 1263 låg leidangsflåten ved øya før den stemna på krigstokt vestover mot Skottland. I same soga kjem det og fram at ferder vestover mot Orknøyane tok utgangspunkt i Herdlevær. Øya låg med andre ord sentralt til for ferder mot Island, Vesterhavsøyane og Dei britiske øyane.   Les mer …

Avishode frå 1893.

Hordaland er ei lokalavis som vert utgjeven på Voss i Hordaland. Ho vart skipa i 1883, og var fram til 1972 ei Venstre-avis. Sidan har ho vore partipolitisk ubunden. Området avisa dekkjer, er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. I Voss kommune har avisa ei dekning på meir enn 93 % av husstandane (2008).

Avisa vart omlagt frå fullformat til tabloid i oktober 2003. Ho kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, med eit gjennomsnittleg sidetal på kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med disponent Astrid Kløve-Graue som største aksjonær. Redaktør sidan hausten 2013 er Elin Madsen.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Nordhordland
 
Andre artiklar