Wikiens artikkel nr 25 000, om Bølerlia, ble lagt inn i påsken av Stig Rune Pedersen. Vi gratulerer så mye! :)

Forside:Sande kommune (Møre og Romsdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal • Sør-Trøndelag • Nord-Trøndelag
Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaØrskogNorddalStrandaStordalSykkylvenSkodjeSulaÅlesundGiskeHaram

Om Sande kommune (Møre og Romsdal)
1514 Sande More og Romsdal komm.png
Sande kommune ligg i Møre og Romsdal, og grensar til Herøy i nord og aust, Vanylven i sør og Selje i sørvest. Kommunen vart oppretta i 1867 då Herøy vart delt. Administrasjonssenteret er Larsnes.

I landbruket finn ein små bruk, ofte drive saman med anna næring. Verkstadindustrien står sterkt i kommunen. Ein finn óg næringsmiddelindustri og andre industriverksemder.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kystgeit, òg kalla utegangargeit og villgeit, er ein geiterase som tradisjonelt blir halden på øyane langs kysten. Alle dyra som finst att i dag er etterkommarar etter utegangargeiter frå Selje i Nordfjord og Sande og HerøySunnmøre. Kystgeita har tradisjonelt vore halden for kjøtet si skuld og ikkje for mjølking. Tradisjonelt har mange av bukkekjea vorte kastrert.   Les mer …

Bernt Andreas Støylen.
Foto: Fra boka Tilbed og ten Herren fra 1928
Bernt Støylen (født 17. februar 1858 på Kvamsøy i Sande kommune i Møre og Romsdal, død 18. november 1937) var prest, senere biskop, og salmedikter, en betydelig skikkelse innen norsk kristenliv i de første tiår av 1900-tallet. Han ble også en markant, populær og ihuga avholdsmann gjennom Det Norske Totalavholdsselskap. Støylen ble cand.theol. i 1885. Som student bodde han ved Studenterhjemmet i Underhaugsveien i Kristiania. Fra 1887 til 1890 var han personellkapellan i i Bergen, og deretter sjømannsprest i Cardiff til 1895. I 1895 ble Støylen ansatt som styrer ved den nyopprettede lærerskolen på Notodden. Han ble ansatt som hovedlærer ved Universitetets praktisk-teologiske seminar i 1902 (fra 1909 professor).   Les mer …

Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.
MB «Arne Longva» M-25-S. Kjennesignal: LDNX. L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen bygde denne båten i 1955 for Leiv Longva, Gjerdsvika. Seinare fekk båten namnet «Straumingen». Båten er nærast kopi av «Nybør» som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955.   Les mer …

MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik

MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.

Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kaising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kaisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kaising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ.   Les mer …

 
Sjå óg
 
Eksterne ressursar
Forside:Sande kommune (Møre og Romsdal)/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Sande kommune (Møre og Romsdal)
Ingen underkategorier.
 
Mest lest
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy