Forside:Sykkylven kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Bedehuskafeen i Sykkylven var ein serveringsstad som vart driven i lokala til bedehuset i Sykkylven sentrum nokre år. Kafeen kom i gang i 1960 i første høgda i bedehuset som då var nybygt. Første styrarinna var Karen Fauske, og med eit kort avbrot stod ho føre drifta i mange år. Alt frå byrjinga hadde Bedehuskafeen god søknad både av faste og tilfeldige gjestar, dessutan vart det halde mange bryllaups-, gravferds- og konfirmasjonslag der. Målfrid Rødal, som hadde arbeidd på Bedehuskafeen i mange år, tok over drifta i 1982, og leigde lokala av bedehuset. Samstundes vart namnet forandra til Cafeen. Attåt seg i arbeidet hadde ho fem personar som arbeidde på deltid.   Les mer …

Garden Straumsheim i 2015. I bakgrunnen ser vi litt av tettstaden Straumgjerde.
Straumsheim er ein gard ved tettstaden Straumgjerde i Sykkylven. Per 2015 har garden fire hovudbruk og fleire plassar. Det er ikkje noko byggjefelt knytt til garden, men nokre få hustomter er skilt ut og utbygde med private bustadhus. På Straumsheim er det også eit industrifelt. Noko sjøgrunn vart utskilt og fylt ut kring 1970. Her har det vore både møbelproduksjon, glasmeisterverksemd, bilverkstad, transportverksemd og produksjon av utstyr for marin næring. Bygdavegen gjekk tidlegare gjennom Straumsheim-tunet. Tidlig i 1970-åra vart vegen lagt om, og han går no rett i overkant av industriområdet. Rett overfor garden ligg det over 1000 meter høge Straumshornet som stengjer noko for morgonsola. Midtsommars slepp solskinet ned til garden ved ½ 8-tida. Garden har eit sentralt lægje, og tuna ligg frå 100 til 200 meter frå hovudvegen.   Les mer …

Edvard Drabløs les Ivar Aasens brev og dagbøker.
Foto: Leif Ørnelund
Edvard Drabløs (fødd 1. april 1883 i Sykkylven, død 27. april 1976 i Oslo) var skodespelar, fødd og oppvaksen på Dravlaus i Velledalen, Sykkylven kommune. Foreldra var Jens Helgesen Drabløs (1856–1925) og Olave Velle (1852–1917). Edvard Drabløs vart i 1920 gift med Astrid Peersen (1895–1979). Edvard Drabløs var i nesten heile sin karriere ein av hovudkreftene ved Det Norske Teatret, som han hadde vore med å grunnlegge. Drabløs var æresmedlem i Norsk skuespillerforbund, fekk Statens kunstnarløn frå 1959 og vart riddar av St. Olavs Orden i 1953.   Les mer …

Marie Aase
Foto: Sykkylvsbladet (1985)
Marie Aase (fødd 1894, død 1991) var den første i Sykkylven som utdanna seg til sjukepleiar. Det skjedde i åra 1913-1914. Då var tuberkulosen framleis ein trugande sjukdom som tok mange liv også i Sykkylven. Mest utsette for sjukdomsangrep var familiar med store barneflokkar som levde i fattigslege og tronge kår. I utdanninga si spesialiserte ho seg på behandling av tuberkulosepasientar, og etter at ho kom tilbake til Sykkylven, virka ho i bygda som sjukesyster. Ei hovudoppgåve vart å hjelpe dei som var ramma av tuberkulose. På denne tida hadde den medisinske vitskapen nett gjort store framsteg. Kunnskap om korleis sjukdom oppstod og kunnskap om korleis han kunne behandlast, hadde erstatta overtru og meir eller mindre effektive kjerringråd. Tuberkulosen smitta mellom anna gjennom spytt. Dei gamle spyttebakkane var seigliva smitteberarar. Marie Aase var ei tidleg talskvinne for god hygiene og riktig matstell. På dette feltet var ho ein modernitetens faneberar i Sykkylven.   Les mer …

Tandstad skule i Sykkylven 1910. Lærar Ole I. Strømme bak til venstre.
Foto: Ukjent (frå heimesida til Sykkylven sogenemnd).
Ole Ingebrigtsen Strømme (fødd 23. februar 1876 i Sykkylven, død 17. februar 1936 i Oslo) var lærar, gardbrukar, lensmann og politikar. Strømme var ein typisk representant for den utdanna lærarstanden kring det førre hundreårsskiftet, og som så mange av dei, kom han frå enkle kår. Han vaks opp på Strømmebruket i Straumgjerde (Sykkylven kommune), som son av gardbrukar og fiskar Ingebrigt Hanssen Strømme (1853-1928) og Severine Karlsdotter f. Drotninghaug (1851-1928). Etter utdanning reiste han tilbake til bygda han kom frå. Han la ned eit stort og idealistisk strev i ungdomslag og skule, og i perioden 1919-36 var han lensmann i Ørskog og Sykkylven. Innsatsen vart lagt merke til, og han fekk ein karriere heilt til topps i det norske samfunnet. På 1930-talet var Venstre-mannen Strømme både stortingsrepresentant og statsråd.   Les mer …

Stopping av puter hjå Hjelle i 1960-åra (ukjend fotograf).
L.K. Hjelle er ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1940 av Lars K. Hjelle og svograne hans, Arne Welle og Petter Furseth. Første tida var bedrifta spreidd over seks forskjellige kjellarlokale i Sykkylven, men i 1942 bygde dei fabrikk på Vikøyra. Då var talet på tilsette kome opp i 16. Første byggesteget var på ei høgd, men fram til 1947 var bygget utvida til å omfatte tre høgder. Bedrifta hadde då kapasitet til å ta seg av treverkproduksjonen sjølv.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sykkylven kommune
 
Andre artiklar