Forside:Vågå kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Vågå kommune
Jutulporten i Prestberget (Jutulberget) i Vågå, rett opp frå bygdesenteret Vågåmo. Staden er kjend frå eventyret om Jutulen og Johannes Blessom (Asbjørnsen og Moe). Foto:Hans P. Hosar 2013.

Vågå kommune er ei fjellbygd og ein kommune i Innlandet fylke, den nest austlegaste av dei fire Ottadals-kommunane Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Vågå grensar til følgjande sju kommunar, etter tur frå nord mot aust, sør og vest: Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Øystre Slidre, Vang og Lom. Bygda ligg opp mot Dovrefjell, Valdresflye og dei austlege delane av Jotunheimen. Næringslivet er tradisjonelt jordbruksbasert med utstrekt bruk av dei store utmarksområda, både til utøving av primærnæringar og til reiseliv og fritidssyslar. Kommunesenteret er Vågåmo. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over Besseggen, som ligg innan kommunegrensene.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Hanna Marie Resvoll-Holmsen ved teltet sitt i Adamsfjord, Lebesby kommune. Adamsfjordfossen til venstre.
Foto: Gunnar Holmsen/NB

Hanna Resvoll-Holmsen f. Resvoll (fødd 11. september 1873 i Vågå, død 13. mars 1943 i Oslo) var botanikar, og saman med søstera Thekla Resvoll ein av dei kvinnelege pionerane i dette faget. Ho voks opp i Vågå, med ei mor som hadde ein flott blomsterhage og som gav interessa for planter vidare til døtrene. Do ho var fem flytta familien til Kristiania. Som barn var ho alvorleg sjuk, og etter at ho fylte tolv var ho lite på skulen. Jamvel fekk ho som nittenåring teke middelskuleeksamen, og i nokre år var ho lærar i botanikk. Først i 1902 fekk ho tatt examen artium på latinlinja. Ho byrja så å studere realfag, og hadde nokre gode år på Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. I 1910 tok ho hovudfag i botanikk, slik søstera hadde gjort i 1899.

Det første feltarbeidet ho gjorde var noko tidlegare, i 1907. Då var ho med på ekspedisjonen til oseanografen Albert I av Monaco til Svalbard. Ho var den einaste kvinnelege deltakaren, men ser ut til å vorte teken på alvor, for ho vart rodd i land med telt, privant og botanisérkasse – og eit gevær om det skulle kome isbjørn. Året etter drog ho åleine til Svalbard for å fotografere for bokverket om ekspedisjonen. Ho etterlet seg ein stor plantesamling frå somrane på Svalvard, og tok nokre av de første fargebileta av arktisk flora. Boka Observations botaniques kom i populærutgåva Svalbards flora i 1927, og var den første floraen for øygruppa.   Les mer …

Gravdalen
Foto: Arnfinn Kjelland (2014)

I Gravdalen i Vågå, heilt nord mot grensa til Lesja kan ein finne ei unik samling av gamle fangstanlegg for villrein.

Gravdalen er ein om lag 4 km lang dal som går frå eit skard mot Gjerdingsdalen på sørsida og til Skjervedalen på nordsida. Skardet i sør er på om lag 1500 m.o.h. og Gravdalsåe renn nordover ut i Skjerva på om lag 1140 m.o.h.. Båe grenseelvene, Gjerdingåe og Skjerva, renn i til dels bratte og uframkomelege gjel, noko som gjer at villreinen som beitar i området må krysse Gravdalen på vandringane mellom dei austlege og vestlege beiteområda. Dette har freista dei gamle fangstfolka til å bygge ei rad fangstanlegg langs dalen.   Les mer …

Christian Horne
Foto: Ukjent.
Christian Antonsen Horne (fødd i Romedal, nå Stange kommune, 20. oktober 1838, død same stad 26. oktober 1912) var agronom og gardbrukar, folkehøgskule- og landbruksskulelærar og Venstre-politikar. Han var med Christopher Bruun og starta folkehøgskule på Romundgard i Sel i 1867. Horne var mellom anna ordførar i Vågå og varamann til Stortinget for Kristians amt. Horne var fødd og oppvaksen på garden Horne i Romedal. Foreldra var gardbrukarparet Anton Hansen Horne (1804-1860) og Helene Halvorsdotter frå Grimset i Løten (1810-1853). Christian var nummer tre av ein syskenflokk på åtte.   Les mer …

Jutulporten i Prestberget (Jutulberget) i Vågå, rett opp frå bygdesenteret Vågåmo. Staden er kjend frå eventyret om Jutulen og Johannes Blessom (Asbjørnsen og Moe). Foto:Hans P. Hosar 2013.

Vågå kommune er ei fjellbygd og ein kommune i Innlandet fylke, den nest austlegaste av dei fire Ottadals-kommunane Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Vågå grensar til følgjande sju kommunar, etter tur frå nord mot aust, sør og vest: Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Øystre Slidre, Vang og Lom. Bygda ligg opp mot Dovrefjell, Valdresflye og dei austlege delane av Jotunheimen.

Næringslivet er tradisjonelt jordbruksbasert med utstrekt bruk av dei store utmarksområda, både til utøving av primærnæringar og til reiseliv og fritidssyslar. Kommunesenteret er Vågåmo. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over Besseggen, som ligg innan kommunegrensene.   Les mer …

A/S Eidefoss vart stifta på Victoria hotellLillehammer 5. mai 1916 under namnet Eidefos Kraftanlæg Aktieselskap. Hovedaksjonær var Eystein Søberg frå Lillehammer, som teikna 40 av dei 160 aksjane i selskapet. Han hadde kjøpt fallrettane i Eidefossen i Ottavassdraget og skulle òg vere disponent. Første del av utbygginga skulle omfatte eit aggregat på 600 hk med liner til Vågåmo og Otta og skulle koste kr 240.000. Men det vart mykje dyrare på grunn av verdskrigen og den sterke prisauken, så alt i februar 1917 var overslaget kome opp i kr 650.000 og den endelege kostnaden vart 1,3 mill. kr. Da var selskapet konkurs. Men anlegget kom i stand, og alt 20. desember 1917 starta kraftleveringane. Etter ein komplisert bubehandling overtok Vågå kommune og firmaet Østlandske Stenexport buet i 1919 med ein halvpart kvar og innløysingsrett for Vågå kommune til aksjane til Østlandske.   Les mer …

Minnesteinen
Foto: Arnfinn Kjelland
Gravsteinen over Georg Sinclair
Foto: Arnfinn Kjelland
Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom. Historia starta nokre månader før sjølve toget. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Parallelt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottland, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktest likevel Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Vågå kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar