Fritzmann-hytta (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fritzmann-hytta
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 2, fnr 57
Type: Fritidseigedom

Fritzmann-hytta i Bykle er ei av hyttene i Otrosåsen hyttegrend, på grunnen åt A/S Sætersdalen. I denne boka har me gjort det til ein regel å hoppe lettvint over alle fritidsbustader, men her skal me gjera eit unntak, både avdi han som bygde dette huset sikta på å bu her fast, iallfall nokre år, og avdi han spela ei såpass sentral rolle i forretningslivet på Hovden den tida han var her, at det ville vera uheldig å lata han vera unemnd.

Kjell August Fritzman, f 1950

Kjell har vore gift, men var ikkje det ikkje medan han budde på Hovden. Han er frå Mosby ved Kristiansand, og son åt Amy og Karl Fritzman. I 1979 gjekk han inn på eigarsida i Hovden fjellstove, bnr 16, men året etter kaupte han forretninga Hovden Varesenter med varelager og inventar hjå Kjetil Uleberg, og overdrog då parten sin i fjellstoga til drivarane, som var systera Aud Inger, og Harald Inge Håvik, den dåverande mannen hennes. Hytta her sette han opp i 1981, og flutte inn same året.

Me tek med at foreldra hans var på Hovden i lange beiter, og då hjelpte sonen i forretninga. Han dreiv Hovden varesenter i perioden 1980 til 1984, då han selde til Inge Josefsen og Ingrid Helle, og flutte attende til Kristiansand. Medan han var her, starta han også opp firmaet Hovden Hytteformidling.

Hytta si her selde han i 1989, men i 2003 skaffa han seg ei ny, fnr 128, seksjon 4, og såleis har han framleis tilknyting til Hovden.


0941 Bykle komm.png Fritzmann-hytta (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hovdestøylen hotell • Neste bolk: Moen