Frivollvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frivollvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Frivollvegen er ein blindveg i sentrum i Midt-Telemark kommune som går nordaustover frå krysset i skiljet mellom Bøgata og Seljordvegen. Dette er tilkomstvegen til Bø ungdomsskule som ligg her og elles nokre bustadhus, og han er om lag 330 meter lang.

Vegen har namn etter eigedommen «Frivoll» med det tidlegare Folkets hus, og blei namnsett 1983.

I 1970 blei det vedteke at distriktshøgskulen for Telemark skulle leggast til Bø. Kommunen måtte skaffe hus, og dei vedtok å sette opp førebels hus for skulen på Frivoll. Frå februar til august 1971 blei husa sett opp, og til saman utgjorde desse 3 319 m².

Folkets hus blei rive i 2005.

Frivollvegen 10, tidlegare Telemark distriktshøgskole med nytt tilbygg for Bø ungdomsskule.
Foto: Roy Olsen (2017).

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I. Bø kommune 1982.


Koordinater: 59.41518° N 9.05601° Ø