Frogner Småbruksskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Frogner herregård.
Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon (1949).

Frogner Småbruksskule låg på den gamle Frogner herregård i Gjerpen kommune og vart starta i 1923.

Historikk

Frogner herregård er blant gardane som vert omtalt i erkebiskop Øystein si jordebok frå 1100-talet. Garden har skifta eigarar fleire gonger. Bygningane vart oppført av Christopher Hansen Blom som kjøpte garden i 1820. Bygningane vart restaurert til skulebruk i 1922.

Opptakten til skulen vart gjort i 1913 av statsminister Gunnar Knudsen. Saman med ordførar Lars Eriksen, stortingsmann Nils Skilbred, bonde Hans Edv. Ballestad og herredssekretær Jakob Myhra vart Frogner kjøpt og overdrege til Gjerpen kommune utan forteneste. Einaste føresetnad var at eigendomen skulle nyttast til småbruksskule. Skulen på Frogner vart den fyrste kommunale småbruksskulen i landet.

Småbruksskulen kom ikkje i ordinær drift før i 1923 grunna verdskrigen. Statens kontrolltilsyn for høns – kvite italienarar – vart knytt til skulen same året. Det vart drive både verpe- og avlskontroll. Kyllingproduksjonen på skulen var om lag 20 000 småkyllingar årleg.

I 1943 tok Telemark fylke over drifta av skulen, og i 1947 kjøpte dei den. Skulen rådde over både fastmark, jord og myr, der det samla arealet var på 130 dekar.

Småbruksskulen blei lagt ned i 1965 og husmorskulen vart avvikla i 1995.

Undervisninga

Flyfoto av Frogner Småbruksskule.
Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Frå byrjinga av heldt skulen to kurs i året; eitt teoretisk-praktisk vinterkurs på seks månadar frå oktober med tolv elevar og eit praktisk kurs om sumaren med seks elevar. Tilbodet vart snart utvida, og kring 1950 kunne skulen tilby desse kursa:

  1. Teoretisk-praktisk årskurs frå oktober. Fri opplæring og fritt opphald.
  2. Jordbrukskurs på seks månader om vinteren frå oktober. Fri opplæring og stipend til dei som treng.
  3. Handverkskurs med læretid på eitt år. Kurset hadde som mål å utdanne bygdehandverkarar og gjere jordbrukarane meir sjølvhjelpne i trearbeid og smiing. Fri opplæring og opphald.
  4. Praktisk lærlingskurs i hagebruk og birøkt, åtte månadar frå mars. Fri opplæring og opphald og lærlingeløn.
  5. Lærlingekurs i husdyrrøkt og fjørfestell i eitt år frå oktober. Ein del teoretisk opplæring i husdyrlære og kontrollrekneskap. Fritt opphald og lærlingeløn.
  6. Ymse spesialkurs i dei ulike greiner vedkomande jord-, hage- og husdyrbruk, smånæringar, husstell m.m.

Hagebruk og dyrking av riktgjevande planteslag, samt dei mindre husdyra hadde ein sentral plass i undervisninga og drifta av skulen. Skulen skulle fyrst og fremst tene dei mindre gardsbruka i fylket, og undervisninga og drifta av skulen vart difor gjennomført i samsvar med dette.

Frogner Småbruksskule med åkrane.
Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Frogner Husmorskule

Frogner Husmorskule var kombinert med Husdyrskulen. Husmorskulen hadde eit kurs på fem månadar med fri opplæring og stipend til opphaldet. Ved sidan av husstell vart det undervist i handarbeid og veving.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Riksantikvarens kulturminnebilder