Fron historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen til Fron historielag, teikna av kunstnaren Ragnvald Frøysadal etter ein gamal kyrkjering frå Steig i Sør-Fron.

Fron historielag dekkjer kommunane Nord- og Sør-Fron, altså det gamle Fron prestegjeld. Laget vart stifta 19. august 1928, med Jon Harildstad som formann. Kristofer Fliflet i Gudbrandsdal historielag og historieskrivaren Ivar Kleiven var òg involverte i skipinga av laget. I 1930 ga historielaget ut bygdeboka Fronsbygdin, med Kleiven som forfattar.

Seinare har Fron historielag gjeve ut fleire bøker, mellom anna Gardar og slekter i Fron (bind 1 og 2) av Einar Hovdhaugen og Historia om Fron (bind 1 og 2) av Ragnar Øvrelid. Laget har sett opp eit bygdatun på bruket Milsteinstugu i Sødorp og oppgangssaga ved Sulheim. Historielaget har eige arkiv på Opplandsarkivets Maihaugen-avdeling og arrangerer dessutan historiske vandringar. Eige medlemsblad blir gjeve ut i samarbeid med lokalavisa DølenVinstra. Sidan 2003 gjev laget ut årboka Fronsbygdin, med same namn som Kleivens bygdebok.

Styreleiar (pr. 2010) er Pål Kjorstad. 13. november 2009 tok han imot Nord-Fron kulturpris på vegne av Fron historielag.

Kjelder og litteratur