Fylkesmannsgarden på Nybø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fylkesmannsgarden på Nybø. Foto Hermund Kleppa

Fylkesmannsgarden på Nybø er ein gamal embetsmannsgard i Leikanger kommune. Kommunen overtok Fylkesmannsgarden i 1974. Eigedommen omfattar sju bygningar: hovudbygningen og fire små hus tett attmed, eit turkehus og eit naust lenger ute. I dag held Nybø barnehage til i den gamle Fylkesmannsgarden.

Fylkesmannen til Leikanger i 1862

Amtsmannen (fram til 1919) og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane/Nordre Bergenhus Amt har hatt sete på Leikanger sidan 1862. I tida før hadde amtmennene sete andre stader: dei fyrste åtte åra etter at fylket vart oppretta i 1763, på Kaupanger, i tida 1771-1843 i Bergen, og i åra 1843-1862 Lærdal, Kaupanger, Loftesnes og Bergen. I 1862 flytte amtmann Johan Collett Falsen (1817-1879) til Leikanger etter å ha kjøpt garden Nybø frå sorenskrivar Hjorth som hadde ått garden sidan 1851. Året etter selde Falsen eigedommen til Staten ved Opplysningsvæsenets Fond som kjøpte Nybø til embetsgard. Det skjedde ved kongeleg resolusjon 11. april 1863.

Mange bygningar

Nybø er som namnet seier, ingen gammal gard. Han er utskilt frå garden Henjum, og fekk eige matrikkelnummer i 1838. Nybø var likevel busett og brukt lenge før. Kapellan, seinare sokneprest og prost Anders Daae budde på Nybø til han døydde i 1816, og deretter prosteenkja, Adelus Daae, til ho døydde i 1833.

Det vart etter kvart mange hus på Nybø. Ei branntakstforretning i 1856 reknar opp ikkje mindre 18 bygningar: Hovudbygning, bryggjehus, ein bygning ikkje nærare spesifisert, vedhus, turkestove, kvernhus, smie, båtnaust, kjeglebane, borgstove, stabbur og kontorbygg. Vidare: stallbygning, sauehus, fjøs, låve, kornløe og høyløe. I 1863 hadde dessutan garden eit stølshus på vårstølen Flya, og to hus på sommarstølen i Friksdalen. Begge husa i Friksdalen vart tekne av snøras vinteren 1864/65, men oppattbygde etterpå.

Kommunal eigedom

Leikanger kommune overtok den vel 16 mål store Fylkesmannsgarden i 1974. Kommunen hadde då bygd ny fylkesmannsbustad like innom hovudbygningen, der fjøsen stod, og alle kontorfunksjonane var for lenge sidane lokalisert i tinghusa lenger ute. Kommunen vart eigar ved makebyte med staten som fekk den nye fylkesmannsbustaden.

Bygningane 1977

Kommuneingeniør Kaare Risnes laga i 1977 eit oversyn over bygningane. Oversynet inneheld opplysningar om kvart einskild hus, storleik, grunnmur, innreiing, o.a. I tunet kring hovudbygningane stod desse husa: drengstove/tenarbustad, stabbur, kontorbygning (det gamle fylkesmannskontoret), paktarbustad, og ein garasje samanbygd med paktarbustaden. Risnes greidde og ut om tilstand, og konkluderte med at det var trong for omfattande reparasjons- og utbetringsarbeid, alt etter kva ein ynskte å bruka dei til.

Endringar og uteprosjekt

Fylkesmannsgarden er på fleire vis annleis i dag enn då kommunen overtok i 1974. Frå å vera ein bygdesosialt avstengd og isolert embetsmannsbustad, var Fylkesmannsgarden no ei maurtue av småborn, møtestad for småbarnsforeldre og eit uteområde for folk flest. Det er parkeringsplass for eit 20-tal bilar, køyreveg ned mot sjøen og utover til den gamle frukthagen. I 1979 vart det ved Risagrovi sett opp ei turke som tidlegare hadde stått på Eggja. Den gamle bautasteinen, Nybøsteinen, vart same året flytta frå ein stad lenger oppe, på oppsida av vegen. Historisk Museum i Bergen ga løyve til flyttinga fordi steinen hadde vorte flytta ein gong før. Det vart og gjeve løyve til å flytta hellene frå ei grav dei fann ved i nærleiken av bautasteinen der han stod opphavleg.

Amtskontoret

Eit anna bygningsmessig tiltak gjekk føre seg i 2013. Då vart den gamle kontorbygningen som låg nærast utilgjengeleg kloss i vegen, demontert og sett opp att seks meter lenger unna.

I 2012 gjekk Leikanger kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Statens vegvesen Region Vest saman om å setja huset i stand. Det «nye» amtskontoret vart opna 19. september 2013, som lekk i markeringa av at Sogn og Fjordane fylke fyller 250 år. Huset inneheld historisk kontorutstyr og -møblar.

Kjelder